Gratis kvalitetsdataspel

Skytespel

Oppdatering 2009-07-08

Denne nettstaden er no offisielt lagt ned, eller i det minste lagt i koma. Eg vil ikkje komma med nokon nye omtalar framover. Dei gode nyheitene er at eg lèt alle dei gamle spelomtalane ligga oppe, og eg har sjekka og retta alle lenkjene, slik at det ikkje skal vera noko problem å lasta ned alle spela. Les gjerne òg historien bak Gratis kvalitetsdataspel, og send meg ein e-post om det er noko du lurer på.

Siste nye eller oppdaterte spel

2005-02-19 (oppdatert) – Super Methane Brothers
Kjempekult Bubble Bobble-liknande spel med flott grafikk og lyd.
2004-08-11 – I Have No Tomatoes
Har du ti minutt til overs? Kor mange tomatar klarar du å knusa på desse minutta?
2002-09-05 – Hellcarrier
Styr eit helikopter og utfør oppdrag i kamp mot terroristar.

Speloversikt

BubbleBall
Du skal skyta farga kuler på andre farga kuler. Når du får tre eller fleire bobler av same farge saman, forsvinn dei.
Bubble Puzzle 97
Du skal skyta farga bobler på andre farga bobler. Når du får tre eller fleire bobler av same farge saman, forsvinn dei alle.
Busta Move
Du skal skyta farga bobler på andre farga bobler. Når du får tre eller fleire bobler av same farge saman, forsvinn dei.
Catch the Sperm II
Skyt sædceller og virus med kondomar. Spelet er gitt ut som eit ledd i ein kampanje for større allmenn merksemd og kunnskap om HIV og AIDS.
C-Dogs
Skytespel for ein eller to spelarar. Du får forskjellige oppdrag som du må utføra.
Command da Bonga
Skytespel som liknar på Command and Conquer. Tar veldig liten plass.
Cultures – The Beginning
Du spring rundt og skyt villsvin, bjørnar og vikingar, samtidig som du prøver å plukka opp alt gullet du kjem over.
Dynamite
Nyversjon av dei klassiske Bomberman-/Dynablaster-spela. Opptil 4 spelarar kan delta samtidig.
Firecrow
Fly og skyt ned romskip som vil overta jorda (eller noko sånt).
Hellcarrier
Styr eit helikopter og utfør oppdrag i kamp mot terroristar.
I Have No Tomatoes
Har du ti minutt til overs? Kor mange tomatar klarar du å knusa på desse minutta?
Jetpack
Fyk rundt med ein rakett på ryggen og saml smaragdar …
Liero
Tospelarspel der to makkar skal ta livet av kvarandre ved bruk av kraftige våpen. Kjempebra!
Maximum Overdrive
Bilspel frå ein til fire spelarar. Flis rundt på ei bane i høg fart. Alle middel er tillatne i konkurransen med dei andre – inkludert bomber og granatar!
mrboom
Utrulig bra versjon av dei klassiske Bomberman-/Dynablaster-spela. Opptil 8 spelarar kan delta samtidig ved ei maskin eller over nettverk.
Penguin Command
Redd jorda frå angrep frå det ytre rom (atter ein gong!). Missile Command-klona.
Rocket Raid
Redd jorda frå angrep frå det ytre rom (atter ein gong!). Missile Command-klona.
Splat!
Eit lite spel der du styrer seks soldatar rundt for å skyta fiendar og – sauar!
Super Methane Brothers
Kjempekult Bubble Bobble-liknande spel med flott grafikk og lyd.
T-32k
Skytespel som liknar litt på det gamle Turrican-spelet. Tar veldig liten plass.
Tapan Kaikki
Skytespel for ein eller to spelarar. Voldelig og blodig!

 

Om nettstaden

Her finn du omtalar av 21 gratis skytespel av veldig høg kvalitet. Alle spela er heilt gratis og lovlige, altså ikkje «shareware» eller «abandonware». I tillegg er dei so gode at eg ikkje ville ha nølt med å gje alle terningkast 5 eller 6. Meir informasjon finn du på informasjonssida.

Om kategorien

Denne kategorien inneheld skytespel. Skytespel er spel som inneheld skyting. Det kan vera actionspel, men det kan òg vera rolige spel.

Andre kategoriar


Gratis kvalitetsdataspel-nettstaden er skriven og utforma av Karl Ove Hufthammer. Eg set alltid pris på kommentarar, kritikk og tips.

RSS-utgåva av denne nettstaden.