Gratis kvalitetsdataspel

Actionfrie spel

Oppdatering 2009-07-08

Denne nettstaden er no offisielt lagt ned, eller i det minste lagt i koma. Eg vil ikkje komma med nokon nye omtalar framover. Dei gode nyheitene er at eg lèt alle dei gamle spelomtalane ligga oppe, og eg har sjekka og retta alle lenkjene, slik at det ikkje skal vera noko problem å lasta ned alle spela. Les gjerne òg historien bak Gratis kvalitetsdataspel, og send meg ein e-post om det er noko du lurer på.

Siste nye eller oppdaterte spel

2004-06-13 – The Apprentice
Etter lang tid som trollmannens læregut får du endelig læra din første trylleformel. Du må berra samla saman alle dei nødvendige ingrediensane først …
2004-06-12 (oppdatert) – Zep’s Dreamland
Bygg og øydelegg boksar for å komma deg fram gjennom drømmeland.
2004-04-17 – Cubert Badbone, P.I.
Detektimen i svart-kvitt. Eller noko sånt.

Speloversikt

Biliardo
Biljardspel med åtte italienske biljardvariantar. Flott grafikk, lyd og musikk.
Black-Box
Finn ut kor krystallane er plasserte i ein svart boks ved skyta laserstråler på dei.
Caesar
Simulator- og strategispel der du skal byggja opp ein romersk provins.
Cubert Badbone, P.I.
Detektimen i svart-kvitt. Eller noko sånt.
Drops of Light
Flytt foton med ulike fargar slik at dei dannar eit spesielt mønster.
Elimination III
Kinasjakk med ein liten vri.
Midnight Sunitaire
Flott, men vanskelig kabalspel. Laga av ein nordmann!
Othello
Dataversjon av det kjente, gamle brettspelet Othello (òg kalla Reversi).
Out Of Order
Perfekt eventyrspel med flott grafikk, lyd og humor.
Ozzie and the Quantum Playwright
Sprøtt, men veldig godt eventyrspel, der du må skaffa hjelp frå Shakespeare for å redda dramainstituttet ved universitetet.
Pool ’m Up
Biljardspel med flott grafikk, lyd og musikk.
PySol
Flott kabalspel med meir enn 200 kabalvariantar, fin grafikk, musikk, og mange nyttige funksjonar.
RusCell 95
Kabalspel med flott grafikk. Basert på FreeCell-kabalen.
Schiffbruch
Du er skipbroten på ei aude øy, der du må gjera alt du kan for å prøva å overleva. Kanskje kjem det òg eit skip forbi og reddar deg med tid og stunder.
Teen Agent
Flott eventyrspel der du spelar ein ung, hemmelig agent.
The Apprentice
Etter lang tid som trollmannens læregut får du endelig læra din første trylleformel. Du må berra samla saman alle dei nødvendige ingrediensane først …
The Breakdown
Kort, men kjempegodt eventyrspel. Du er stranda i ørkenen med havarert bil. Klarer du å få han fiksa før det blir kveld?
Wonderworld
Kjekt eventyrspel med nydelig grafikk.
Zep’s Dreamland
Bygg og øydelegg boksar for å komma deg fram gjennom drømmeland.

 

Om nettstaden

Her finn du omtalar av 19 gratis actionfrie spel av veldig høg kvalitet. Alle spela er heilt gratis og lovlige, altså ikkje «shareware» eller «abandonware». I tillegg er dei so gode at eg ikkje ville ha nølt med å gje alle terningkast 5 eller 6. Meir informasjon finn du på informasjonssida.

Om kategorien

Denne kategorien inneheld actionfrie spel. Actionfrie spel spel med lite eller ingen action. Desse spela går vanligvis ikkje på tid, og inneheld ingen stressmoment (men kan likevel vera frustrerande).

Andre kategoriar


Gratis kvalitetsdataspel-nettstaden er skriven og utforma av Karl Ove Hufthammer. Eg set alltid pris på kommentarar, kritikk og tips.

RSS-utgåva av denne nettstaden.