Gratis kvalitetsdataspel

Black-Box

Oppdatering 2009-07-08

Denne nettstaden er no offisielt lagt ned, eller i det minste lagt i koma. Eg vil ikkje komma med nokon nye omtalar framover. Dei gode nyheitene er at eg lèt alle dei gamle spelomtalane ligga oppe, og eg har sjekka og retta alle lenkjene, slik at det ikkje skal vera noko problem å lasta ned alle spela. Les gjerne òg historien bak Gratis kvalitetsdataspel, og send meg ein e-post om det er noko du lurer på.

Introduksjon

Dette spelet er veldig minimalistisk. Det består av ein svart, lukka boks. Du kan ikkje sjå inni boksen, men veit at det er krystallar der. Det du imidlertid kan gjera, er å skyta laserstråler gjennom boksen, og observera kor dei går inn og kor dei kjem ut igjen. Ut frå dette kan du finna ut kvar krystallane er plasserte.

Det tekniske

Du skyter laserstråler ved å trykka på kanoner spreidd rundt boksen. Ut frå det du ser, kan du fritt plassera markørar på boksen, der du trur krystallane ligg. Fargen på kanonene skifter då frå raud til grøn der laserstrålene vil komma korrekt inn og ut, viss krystallane er plasserte slik du foreslår. (Men dette betyr ikkje at forslaget ditt nødvendigvis er korrekt!)

Grafikk og lyd

Grafikken er ikkje spesielt imponerande, men fungerer greitt nok. Det same gjeld musikken.

Konklusjon

Sjølve spelideen, at du skal observera verknadane og ut frå det finna årsakane, er ein som fascinerer meg. Når det gjeld spelet, er òg det bra – god hjernetrim, og gøy, iallfall for ei stund. Og det er nettopp der problemet ligg: Etter å ha spelt (og vunne) nokre gongar, blir det lett litt einsformig og kjedelig. Kort oppsummert: God underhaldning for ei kort stund.

Bilde

[Bilde frå spelet. Format: 320×240 PNG.]

 

Spel­informasjon

Versjon
1.4.1
Forfattar
Karl Bartel
Heimesida
Black-Box
Kort beskriving
Finn ut kor krystallane er plasserte i ein svart boks ved skyta laserstråler på dei.

Kategoriar spelet er med i

Black-Box vart først omtalt 2001-09-20.


Gratis kvalitetsdataspel-nettstaden er skriven og utforma av Karl Ove Hufthammer. Eg set alltid pris på kommentarar, kritikk og tips.

RSS-utgåva av denne nettstaden.