Gratis kvalitetsdataspel

Zep’s Dreamland

Oppdatering 2009-07-08

Denne nettstaden er no offisielt lagt ned, eller i det minste lagt i koma. Eg vil ikkje komma med nokon nye omtalar framover. Dei gode nyheitene er at eg lèt alle dei gamle spelomtalane ligga oppe, og eg har sjekka og retta alle lenkjene, slik at det ikkje skal vera noko problem å lasta ned alle spela. Les gjerne òg historien bak Gratis kvalitetsdataspel, og send meg ein e-post om det er noko du lurer på.

Introduksjon

Du er Zep – ein liten, blå fyr med stor fantasi. Og no har du klart å setta deg fast i ditt eige drømmeland! For å klara å vakna opp, må du komma gjennom alle bretta landet er sett saman av, noko som er mykje lettare sagt enn gjort.

På kvart brett finst det ein «teleportal» du må prøva å ta deg fram til. Denne ligg gjerne på ei avsidesliggande plattform, og er ikkje heilt enkel å nå. Det gjer det ikkje lettare at du verken kan hoppa eller klatra.

Boksbygging

Heldigvis har du ei spesiell evna. Du kan nemlig laga boksar av drømmekraft, omtrent kor som helst. Desse kan du bruka til å bygga bru mellom plattformer, og til å stå på for å nå høgare. Men pass på: Du kan berre bygga boksar når du står på jord som inneheld rett drømmekraft, og for eksempel ikkje når du allereie står på ein boks. Du kan òg øydelegga boksar du har laga, men berre viss du står rett plassert i forhold til dei.

Det er for øvrig veldig lett å læra seg korleis ting fungerer, då spelet har ein innebygd opplæringsmodul som forklarer deg alt.

Tenkespel

Dette er eit typisk tenkespel, der du ofte må vri hjernen skikkelig for å finna ut korleis du skal komma fram til utgangen, og gjerne bruka mange forsøk. Du har evig liv, inga tidsavgrensing, og kan lagra kor langt du har komme når du gjev deg for kvelden (eller natta, som det gjerne blir).

Vanskegraden varierer eindel på dei 40 bretta, men alle er imponerande godt utforma. Og ja, det er mulig å komma gjennom alle; eg klarte det til slutt! Og er ikkje dei medfølgjande bretta nok for deg, kan du faktisk lasta ned endå fleire frå heimesida til spelet.

Grafikk og lyd

Grafikken i Zep’s Dreamland er veldig godt laga, høgoppløyselig og litt teikneserieaktig. Det finst fleire «grafikktema», eksempelvis skog og is, som gjer at det blir ekstra variasjon i spelet. Nye tema kjem etter kvart som du klarar brett, og dete gjev eit tildrev for stadig å spela vidare.

Elles er òg lydeffektane gode, men musikken er dessverre berre brukbar.

Konklusjon

Eg likar veldig godt denne typen tenkespel, og dette er ein artig og kjempegod variant. Eg kan ikkje anna enn å anbefala det på det aller varmaste! ☺

Bilde

[Bilde frå spelet. Format: 320×240 PNG.]

[Bilde frå spelet. Format: 320×240 PNG.]

[Bilde frå spelet. Format: 320×240 PNG.]

 

Spel­informasjon

Versjon
1.02
Forfattar
LoomSoft
Heimesida
Zep’s Dreamland
Kort beskriving
Bygg og øydelegg boksar for å komma deg fram gjennom drømmeland.

Nedlasting

Kategoriar spelet er med i

Zep’s Dreamland vart først omtalt 2002-12-20, og versjonen no omtalt vart lagt til 2004-06-12.


Gratis kvalitetsdataspel-nettstaden er skriven og utforma av Karl Ove Hufthammer. Eg set alltid pris på kommentarar, kritikk og tips.

RSS-utgåva av denne nettstaden.