Gratis kvalitetsdataspel

RusCell 95

Oppdatering 2009-07-08

Denne nettstaden er no offisielt lagt ned, eller i det minste lagt i koma. Eg vil ikkje komma med nokon nye omtalar framover. Dei gode nyheitene er at eg lèt alle dei gamle spelomtalane ligga oppe, og eg har sjekka og retta alle lenkjene, slik at det ikkje skal vera noko problem å lasta ned alle spela. Les gjerne òg historien bak Gratis kvalitetsdataspel, og send meg ein e-post om det er noko du lurer på.

Introduksjon

Dette er eit kabalspel basert på FreeCell (det som følgjer med Windows). Denne versjonen har mykje betre grafikk; spesielt honnørkorta er utrulig bra teikna. Du kan òg velja kva kort- og bakgrunnsmotiv du vil ha.

Grafikk

Grafikken er som sagt bra. Ein litt negativ ting er at du må først trykka på kort 1 og so på kort 2 for å flytta det eine kortet til det andre. Du kan altså ikkje berre dra kortet over. Men spelet har òg ein veldig nyttig funksjon, ein angrefunksjon! Det har òg ein grei tidtakar som viser kor lenge du har spelt.

Konklusjon

Viss du likar kabal, og då serlig FreeCell, vil du heilt sikkert lika dette spelet. Bør prøvast på grunn av grafikken åleine!

Bilde

[Bilde frå spelet. Format: 400×287 PNG.]

 

Spel­informasjon

Versjon
1.1
Forfattar
G.U.E.S
Heimesida
RusCell 95
Kort beskriving
Kabalspel med flott grafikk. Basert på FreeCell-kabalen.

Nedlasting

Kategoriar spelet er med i

RusCell 95 vart først omtalt 1999-03-01, og versjonen no omtalt vart lagt til 2001-02-10.


Gratis kvalitetsdataspel-nettstaden er skriven og utforma av Karl Ove Hufthammer. Eg set alltid pris på kommentarar, kritikk og tips.

RSS-utgåva av denne nettstaden.