Gratis kvalitetsdataspel

Sportsspel

Oppdatering 2009-07-08

Denne nettstaden er no offisielt lagt ned, eller i det minste lagt i koma. Eg vil ikkje komma med nokon nye omtalar framover. Dei gode nyheitene er at eg lèt alle dei gamle spelomtalane ligga oppe, og eg har sjekka og retta alle lenkjene, slik at det ikkje skal vera noko problem å lasta ned alle spela. Les gjerne òg historien bak Gratis kvalitetsdataspel, og send meg ein e-post om det er noko du lurer på.

Siste nye eller oppdaterte spel

2002-03-20 (oppdatert) – Biliardo
Biljardspel med åtte italienske biljardvariantar. Flott grafikk, lyd og musikk.
2001-08-05 (oppdatert) – Blobby Volley
Strandvolleyballspel for to spelarar. Ein nyversjon av det gamle Volley-spelet.
2000-11-19 – Dart ’m Up
Dartspel med flott grafikk, lyd og musikk.

Speloversikt

Biliardo
Biljardspel med åtte italienske biljardvariantar. Flott grafikk, lyd og musikk.
Blobby Volley
Strandvolleyballspel for to spelarar. Ein nyversjon av det gamle Volley-spelet.
Dart ’m Up
Dartspel med flott grafikk, lyd og musikk.
Freeride Earth
Snøbrettspel med 3D-grafikk.
Pool ’m Up
Biljardspel med flott grafikk, lyd og musikk.

 

Om nettstaden

Her finn du omtalar av 5 gratis sportsspel av veldig høg kvalitet. Alle spela er heilt gratis og lovlige, altså ikkje «shareware» eller «abandonware». I tillegg er dei so gode at eg ikkje ville ha nølt med å gje alle terningkast 5 eller 6. Meir informasjon finn du på informasjonssida.

Om kategorien

Denne kategorien inneheld sportsspel. Sportsspel er ikkje ein so enkel kategori som ein kan tru. Her kan det vera tradisjonelle sportsspel (f.eks. fotballspel), men det kan òg vera dart- eller biljardspel.

Andre kategoriar


Gratis kvalitetsdataspel-nettstaden er skriven og utforma av Karl Ove Hufthammer. Eg set alltid pris på kommentarar, kritikk og tips.

RSS-utgåva av denne nettstaden.