Gratis kvalitetsdataspel

PySol

Oppdatering 2009-07-08

Denne nettstaden er no offisielt lagt ned, eller i det minste lagt i koma. Eg vil ikkje komma med nokon nye omtalar framover. Dei gode nyheitene er at eg lèt alle dei gamle spelomtalane ligga oppe, og eg har sjekka og retta alle lenkjene, slik at det ikkje skal vera noko problem å lasta ned alle spela. Les gjerne òg historien bak Gratis kvalitetsdataspel, og send meg ein e-post om det er noko du lurer på.

Introduksjon

Dette er eit skikkelig imponerande kabalspel. Det inneheld blant anna:

  • Meir enn 200 kabalvariantar
  • Fleire «spesialkabalar»
  • Fleire ulike «kortstokkar»
  • Bakgrunnsmusikk
  • Ein fin statistikkfunksjon
  • Hint- og demofunksjonar
  • Fleire tidssparande hjelpefunksjonar

Over 200 kabalvariantar

Kanskje det første ein legg merke til med dette spelet er dei grådig mange forskjellige kabalar. Her finn du alt frå den gamle, klassiske sjuarkabalen (Klondike) til merkelig variantar som Grandfather’s Clock (med innebygd bestefarsklokkelydeffekt!). I tillegg til dei «vanlige» kabalane, finst det òg fleire spesialkabal, som bildelotto og ein interessant vri på Tårnet i Hanoi. Alle er kabalane er inndelt i kategoriar, slik at du lett kan finna fram til nye variantar av den typen du likar.

Funksjonar til hjelp og nytte

Spelet inneheld mange fine tids- og arbeidssparande funksjonar som kan vera til god hjelp. Du kan for eksempel høgreklikka på kort for å senda dei opp til fargebunkane eller frifelta, angra trekk, og lagra spel til seinare. Når du ser at alle korta er fri til å sendast opp til fargebunkane kan du òg trykka på ein knapp, og dei fyk opp av seg sjølv.

Andre slike praktiske funksjonar gjeld berre enkelte kabalvariantar. La meg ta eit eksempel. I spelet FreeCell kan du berre flytta eitt kort om gongen, men du kan bruka fire frifelt som mellombels lagringsplass for korta. La oss seia at du har korta frå 10 til 6 (i rekkefølgje) i ein bunke, og skal flytta dei over på ein ledig knekt i ein annan bunke. Då må du i FreeCell-spelet som følgjer med Windows flytta korta 6, 7, 8 og 9 opp til kvart sitt frifelt, eitt om gongen, so flytta 10-aren over til knekten, og flytta kvart kort ned igjen frå frifelta til 10-aren. Slik er det ikkje i PySol! So lenge det finst ledige frifelt (eller andre bunkar du kan bruka som mellombels lagringsplass) kan du flytta heile bunken med korta 10 til 6 direkte på knekten. Kjempepraktisk!

Det finst òg funksjonar som nokon nok (med rette!) vil rekna som fusk å bruka – hint- og demofunksjonane. Hintfunksjonen gjev deg eit lite hint om eit mulig trekk, mens demoversjonen legg (om mulig) ferdig kabalen for deg.

Statistikk

Viss du ønskjer bevis på kor god du faktisk er til å legga kabal, bør du sjå nærare på statistikkfunksjonen. Denne viser eit flott 3D-stolpediagram over tap og sigrar – både totalt eller for kvart spel. Av ein eller annan grunn har tapssøyla ein lei tendens å bli signifikant høgare enn sigerssøyla på min statistikk, og derfor er det fint at du kan nullstilla statistikken.

Grafikk og lyd

Grafikken i spelet er variert og fin. Du kan nemlig bytta «kortstokkar», altså sjølve utsjånaden på korta. Det følgjer med fleire kortstokkar, i ulike størrelsar og stilar.

Musikken er heilt nydelig, og ligg perfekt i bakgrunnen. For øvrig kan du lasta ned både nye kortstokkar og ny musikk frå heimesida til spelet.

Konklusjon

Eg har knapt ord. Eg trur dette må vera det mest komplette kabalspelet som finst. Talet på kabalvariantar er svimlande, og alle dei nyttige funksjonane, ulike kortstokkane og den nydelige musikken gjer dette til ein klar vinnar. Anbefalt på det varmaste!

Bilde

[Bilde frå spelet. Format: 292.5×289 PNG.]

[Bilde frå spelet. Format: 254.5×277 PNG.]

 

Spel­informasjon

Versjon
4.60
Forfattar
Markus F.X.J. Oberhumer
Heimesida
PySol
Kort beskriving
Flott kabalspel med meir enn 200 kabalvariantar, fin grafikk, musikk, og mange nyttige funksjonar.

Kategoriar spelet er med i

PySol vart først omtalt 2002-05-08.


Gratis kvalitetsdataspel-nettstaden er skriven og utforma av Karl Ove Hufthammer. Eg set alltid pris på kommentarar, kritikk og tips.

RSS-utgåva av denne nettstaden.