Gratis kvalitetsdataspel

Midnight Sunitaire

Oppdatering 2009-07-08

Denne nettstaden er no offisielt lagt ned, eller i det minste lagt i koma. Eg vil ikkje komma med nokon nye omtalar framover. Dei gode nyheitene er at eg lèt alle dei gamle spelomtalane ligga oppe, og eg har sjekka og retta alle lenkjene, slik at det ikkje skal vera noko problem å lasta ned alle spela. Les gjerne òg historien bak Gratis kvalitetsdataspel, og send meg ein e-post om det er noko du lurer på.

Introduksjon

Dette er visstnok ein klassisk kabalvariant her i Norge (har aldri spelt han før sjølv, men er heller ingen kabalekspert). Han som har laga dataversjonen kjente ikkje til noko opphavlig namn, so han kalla spelet Midnight Sunitaire.

Deprimerande vanskelig

Sjølv om eg ikkje har spelt denne varianten før, tok det ikkje lang tid å læra seg han. Å vinna derimot, var verre! Men etter ei relativt lang stund, klarte eg det òg (hurra! ☺). Spelet har fire vanskegradar, men det er ikkje alle spela det er mulig å vinna, spesielt på den vanskeligaste graden. Litt deprimerande, men slik er det jo i dei fleste kabalspela …

Grafikk

Grafikken på spelkorta er ikkje spesielt imponernade. Korta ser lik ut som dei i kortspela som følgjer med Windows, men bakgrunnen (både på korta og programbakgrunnen) er mykje betre. I tillegg har spelet veldig jamne bevegelsar når du for eksempel flyttar kort. Spelet har òg lydeffektar. Desse er OK, men ikkje heilt behagelig å høra på i lengda. Du kan forresten bytte dei ut med dine eigne.

Bra spel!

Sjølv om ikkje grafikken er so flott, er sjølve spelet veldig bra. Du kan lett bli hekta på det, og sitja time etter time i håp om at kabalen skal gå opp!

Spelet er som sagt laga av ein nordmann, men er på engelsk (litt synd, eigentlig). Det har mange nyttige innstillingar og funksjonar: Du kan oppretta ulike brukarprofilar, og spelet held orden på informasjon om kva spel du har spelt (desse er nummererte), kva tid du har brukt, poeng og liknande. Du kan òg få tilgang til spelarstatistikk og ei poengtavle over dei beste spelarane.

Påskeegg …

Det finst også nokre skjulte ting i spelet, sokalla påskeegg. Ved å utføra diverse (ulogiske) ting, kan du få fram desse. Ved ein av desse får du oversikt over 300 (vanskelige) spel som er mulig å løysa. Desse var ganske gøy, då ein veit at dei ikkje er umulige, sjølv om dei kan verka slik!

Konklusjon

Ja, dette spelet er veldig bra, so viss likar kabalspel bør du absolutt prøva det. Det er frustrerande til tider, men likevel veldig gøy! Eit spel det tar lang tid før du går lei!

Bilde

[Bilde frå spelet. Format: 320×270 PNG.]

 

Spel­informasjon

Versjon
2.02
Forfattar
John Roger Taraldsen
Kort beskriving
Flott, men vanskelig kabalspel. Laga av ein nordmann!

Kategoriar spelet er med i

Midnight Sunitaire vart først omtalt 1999-07-05.


Gratis kvalitetsdataspel-nettstaden er skriven og utforma av Karl Ove Hufthammer. Eg set alltid pris på kommentarar, kritikk og tips.

RSS-utgåva av denne nettstaden.