Denne nettstaden er no offisielt lagt ned, eller i det minste lagt i koma. Eg vil ikkje komma med nokon nye omtalar framover. Dei gode nyheitene er at eg lèt alle dei gamle spelomtalane ligga oppe, og eg har sjekka og retta alle lenkjene, slik at det ikkje skal vera noko problem å lasta ned alle spela. Les gjerne òg historien bak Gratis kvalitetsdataspel, og send meg ein e-post om det er noko du lurer på.
Du lever eit rolig og avslappa liv som privatetterforsker på Ekrat Island™ – ei romøy eit stykke frå jorda. Men so begynner alle menneska å forsvinna. Dette er sjølvsagt ein katastrofe; mennesketurisme er øyas største inntektskjelda! Motvillig går du derfor med på å prøva å finna ut kva som har skjedd.
Dette er eit tradisjonelt «peik og klikk»-eventyrspel, der du skal gå rundt og plukka opp gjenstander, bruka desse på andre gjenstander, og snakka med folk for å komma vidare.
Cubert Badbone, P.I. er samanlikna med andre eventyrspel ikkje serlig omfattande, og heller ikkje vanskelig, men det er absolutt underhaldande. Verken plottet eller oppgåvene du skal løysa er i seg sjølv noko å skriva heim om, som heilheit fungerer spelet likevel veldig greitt.
Spelet ser noko spesielt ut; det er nemlig teikna i høgt stilisert svart-kvitt! Det kan på ein måta minna lite grann om dei gamle detektivfilmane frå 1940-talet, og stilen passar handlinga bra. Det same gjer musikken, med fine, jazzete melodiar.
Veldig god musikk, fin grafikk, eit ålreit plott og kjekk tidtrøyte for eit par timar. Likar du eventyrspel, bør du gje dette ein sjanse!
Cubert Badbone, P.I. vart først omtalt 2004-04-17.