Gratis kvalitetsdataspel

Drops of Light

Oppdatering 2009-07-08

Denne nettstaden er no offisielt lagt ned, eller i det minste lagt i koma. Eg vil ikkje komma med nokon nye omtalar framover. Dei gode nyheitene er at eg lèt alle dei gamle spelomtalane ligga oppe, og eg har sjekka og retta alle lenkjene, slik at det ikkje skal vera noko problem å lasta ned alle spela. Les gjerne òg historien bak Gratis kvalitetsdataspel, og send meg ein e-post om det er noko du lurer på.

Introduksjon

I dette spelet skal du prøva å flytta foton (vist med små rundingar) med ulike fargar rundt på eit brett. Brettet er forma som ei slags stjerne, og du skal prøva få fotona til å danna eit fastsett mønster på denne. Dette er sjølvsagt ikkje so enkelt som det høyrest ut!

Nye brett – nye mønster

På kvart brett er fotona i utgangspunktet plasserte på ein spesiell måte, og det finst eit anna mønster du skal etterlikna. Du brukar musa til å flytta fotona, og eit foton kan flyttast i ei retning om det er ledig plass der. Eit foton kan òg flyttast på eit anna foton i ein annan farge. Desse fotona vil då bli til eitt foton, og fargane blandar seg (for eksempel blir raudt og blått til lilla/fiolett). Du kan òg splitta foton, og fargane blir då skilde.

Fargelære og energikvantar

Det fastsette mønsteret av foton på kvart brett består både av primærfargane raudt, grønt og blått, men òg ulike blandingar av desse. Dessverre kan du ikkje flytta fotona rundt so mykje du vil. På kvart brett får du ein fast del energi du kan bruka, og kvar handling (flytting, splitting) krev ein energikvant. Det er akkurat nok energi til løysing av brettet (optimal løysing), ikkje meir.

Ingen action

Det finst ingen tidsgrenser eller liknande i spelet, eller som forfattaren sjølv seier, Drops of Light is a pure puzzle – unlike most mind-bending games today, nothing is left to chance and there are no time limits, just you, the puzzle, and however long you need to figure it out before driving yourself insane. Det seier det meste. Spelet er nemlig utrulig frustrerande! Det begynner lett, men blir vanskeligare og vanskeligare (då eg såg korleis oppsettet på brett 14 skulle vera, ville eg helst gje opp).

Brettsamlingar

Vel, eg gav faktisk opp brett 14 (får prøva det ein annan gong), men klarte alle bretta på «Simple But Pretty»-brettsamlinga (er litt stolt over det!). Det følgjer fleire brettsamlingar med spelet, og du kan laga eigne brett sjølv, om du so ønskjer. Du kan òg lasta ned nye brettsamlingar frå heimesida til spelet.

Grafikk, lyd og konklusjon

Spelet har god grafikk og god lyd (rolig, fin bakgrunnsmusikk). Det fungerer òg veldig bra teknisk sett. Drops of Light er frustrerande, men veldig gøy! Anbefalt alle som likar eit utfordrande tenkespel.

Bilde

[Bilde frå spelet. Format: 320×240 PNG.]

 

Spel­informasjon

Versjon
2.0.3
Forfattar
Ky Kimport
Heimesida
Drops of Light
Kort beskriving
Flytt foton med ulike fargar slik at dei dannar eit spesielt mønster.

Nedlasting

Kategoriar spelet er med i

Drops of Light vart først omtalt 1999-12-23, og versjonen no omtalt vart lagt til 2001-10-14.


Gratis kvalitetsdataspel-nettstaden er skriven og utforma av Karl Ove Hufthammer. Eg set alltid pris på kommentarar, kritikk og tips.

RSS-utgåva av denne nettstaden.