Gratis kvalitetsdataspel

BubbleBall

Oppdatering 2009-07-08

Denne nettstaden er no offisielt lagt ned, eller i det minste lagt i koma. Eg vil ikkje komma med nokon nye omtalar framover. Dei gode nyheitene er at eg lèt alle dei gamle spelomtalane ligga oppe, og eg har sjekka og retta alle lenkjene, slik at det ikkje skal vera noko problem å lasta ned alle spela. Les gjerne òg historien bak Gratis kvalitetsdataspel, og send meg ein e-post om det er noko du lurer på.

Introduksjon

Her har me faktisk tre spel som liknar veldig på kvarandre – dette, Bubble Puzzle 97 og Busta Move. Alle spela går ut på det same; du skal skyta bobler/kuler med ei kanon, og desse vil forsvinna viss tre eller fleire i same farge festar seg saman. Boblene/kulene under dei vil òg forsvinna.

Sidan alle spela er variantar av same spelidé, vil eg i kvar omtale konsentrera meg om forskjellane mellom dei.

Likskapar og forskjellar

Alle spela har veldig god grafikk, inkludert BubbleBall. Men dette spelet har i tillegg veldig god musikk. Det er ni melodiar, og spelet brukar DirectMusic-modulen, slik at dei høyrest veldig bra ut på alle lydkort.

Ein annan ting som berre finst i dette spelet, er spesialkuler. Etter kvart som du speler, samlar du opp «pengar». Desse kan du bruka til å kjøpa eksplosive spesialkuler som du kan bruka til å sprenga vekk andre kuler. Det finst tre typar spesialkuler, med ulik pris. Dei kraftigaste er sjølvsagt dyrast.

Konklusjon

Likte du dei andre spela basert på denne spelidéen, vil du òg lika dette. Alle spela er gode – og veldig like, men forskjellige nok til å gje variasjon. Er du lei eit av dei, kan du slappa av med eit anna. Mitt råd er derfor: Prøv alle!

Bilde

[Bilde frå spelet. Format: 320×240 JPEG.]

 

Spel­informasjon

Versjon
1.41
Forfattar
Doopy
Kort beskriving
Du skal skyta farga kuler på andre farga kuler. Når du får tre eller fleire bobler av same farge saman, forsvinn dei.

Liknande spel

Kategoriar spelet er med i

BubbleBall vart først omtalt 2001-02-17, og versjonen no omtalt vart lagt til 2001-12-13.


Gratis kvalitetsdataspel-nettstaden er skriven og utforma av Karl Ove Hufthammer. Eg set alltid pris på kommentarar, kritikk og tips.

RSS-utgåva av denne nettstaden.