Gratis kvalitetsdataspel

Marble Crazy

Oppdatering 2009-07-08

Denne nettstaden er no offisielt lagt ned, eller i det minste lagt i koma. Eg vil ikkje komma med nokon nye omtalar framover. Dei gode nyheitene er at eg lèt alle dei gamle spelomtalane ligga oppe, og eg har sjekka og retta alle lenkjene, slik at det ikkje skal vera noko problem å lasta ned alle spela. Les gjerne òg historien bak Gratis kvalitetsdataspel, og send meg ein e-post om det er noko du lurer på.

Introduksjon

Midt på brettet står ei blokk kuler med ulike fargar. Desse skal du flytta (loddrett eller vassrett) slik at det blir tre eller fleire av samme farge i rada i midten. Dei vil då forsvinna og eventuelt dukka opp på motstandaren sitt brett.

Eit fleirspelarspel

Du kan spela aleine mot datamaskina, mot ein venn (noko som er det gøyaste) eller mot tida. Om du spelar mot ein motstandar vil dei kulene du fjernar dukka opp på motstandaren sitt brett. Spelet er faktisk ganske vanskelig, men med litt øving går det relativt bra.

Grafikk og lyd

Spelet har ikkje musikk, berre lydeffektar. Grafikken er grei nok, men det er òg noko av det mest negative med spelet. Alt er animert; kulene spinn, og tekst flyg inn og ut av skjermen. Skjermbildet blir rotete og det kan verka distraherande og trøttande ved lengre speling.

Konklusjon

Uansett er spelet bra. Om du likar Tetris og liknande spel, er dette noko for deg –so lenge du ikkje blir forvirra av all animasjonen.

 

Spel­informasjon

Versjon
1.05
Forfattar
Neil Millstone
Heimesida
Marble Crazy
Kort beskriving
Spel for ein eller to spelarar, der du/de skal prøva å stilla tre eller fleire kuler på rekke for å få dei til å forsvinna (litt Tetris-liknande).

Nedlasting

Liknande spel

Kategoriar spelet er med i

Marble Crazy vart først omtalt 1999-09-25, og versjonen no omtalt vart lagt til 2003-01-19.


Gratis kvalitetsdataspel-nettstaden er skriven og utforma av Karl Ove Hufthammer. Eg set alltid pris på kommentarar, kritikk og tips.

RSS-utgåva av denne nettstaden.