Gratis kvalitetsdataspel

Penguin Command

Oppdatering 2009-07-08

Denne nettstaden er no offisielt lagt ned, eller i det minste lagt i koma. Eg vil ikkje komma med nokon nye omtalar framover. Dei gode nyheitene er at eg lèt alle dei gamle spelomtalane ligga oppe, og eg har sjekka og retta alle lenkjene, slik at det ikkje skal vera noko problem å lasta ned alle spela. Les gjerne òg historien bak Gratis kvalitetsdataspel, og send meg ein e-post om det er noko du lurer på.

Introduksjon

Romvesen prøver å overta jorda (eller noko sånt), og du må beskytta seks storbyar mot rakettangrep. Til hjelp har du tre basestasjonar som kan sprenga rakettane før dei når bakken.

Sjølve spelet

Du siktar på rakettane med musa, og fyrer av eigne rakettar med musa (viss du har tre knappar) eller tastaturet. Sidan angrepsrakettane heile tida er i bevegelse, må du sikta eit stykke framfor dei for å treffa.

Viss du klarer å sprenga alle rakettane i ei angrepsstyrke, kjem du vidare til neste, vanskeligare brett. Viss dei derimot klarer å sprenga alle seks byane, er spelet slutt.

Grafikk og lyd

Grafikken har høg oppløysing, og er slett ikkje dum. Lydeffektane består stort sett av eksplosjonar, og er òg greie. Musikken er kjempebra, med fleire melodiar som set deg i rette stemning.

Konklusjon

Dette er ein nyversjon av det gamle Missile Command-spelet, med ein del forbetringar. Viss du likte det, eller liker muskontrollerte skytespel generelt, er det ikkje usannsynlig at dette blir favorittspelet ditt ei stund framover.

Bilde

[Bilde frå spelet. Format: 400×300 JPEG.]

 

Spel­informasjon

Versjon
1.6.3
Forfattar
Karl Bartel
Heimesida
Penguin Command
Kort beskriving
Redd jorda frå angrep frå det ytre rom (atter ein gong!). Missile Command-klona.

Liknande spel

Kategoriar spelet er med i

Penguin Command vart først omtalt 2001-07-29, og versjonen no omtalt vart lagt til 2001-11-16.


Gratis kvalitetsdataspel-nettstaden er skriven og utforma av Karl Ove Hufthammer. Eg set alltid pris på kommentarar, kritikk og tips.

RSS-utgåva av denne nettstaden.