Gratis kvalitetsdataspel

Tapan Kaikki

Oppdatering 2009-07-08

Denne nettstaden er no offisielt lagt ned, eller i det minste lagt i koma. Eg vil ikkje komma med nokon nye omtalar framover. Dei gode nyheitene er at eg lèt alle dei gamle spelomtalane ligga oppe, og eg har sjekka og retta alle lenkjene, slik at det ikkje skal vera noko problem å lasta ned alle spela. Les gjerne òg historien bak Gratis kvalitetsdataspel, og send meg ein e-post om det er noko du lurer på.

Introduksjon

Du (pluss eventuelt ein kamerat) skal gå rundt og skyta folk for å fullføra brett. Det er heile handlinga i dette spelet! ☺

Fiendane har sjølvsagt òg våpen – kraftige våpen. I begynnelsen er du sjølv heilt våpenlaus, og må leita etter våpen og ammunisjon, noko som er risikofylt. Men i tillegg til våpen og ammunisjon, kan du heldigvis òg finna førstehjelpsskrin, som er svært nyttig når du er skada.

Fleire typar våpen

Det finst mange våpen, alt frå pistolar og gevær til rakett- og flammekastarar. Desse kan du kjøpa mellom kvart brett, om du då har pengar nok. Spelet er relativt vanskelig, og på dei seinare bretta er det viktig med gode våpen. Du kan (og bør) òg kjøpa ammunisjon og verneutstyr.

Vold

Spelet er ganske voldelig, med mykje blod. Når du har tatt livet av ein person, ligg han i ein blodpøl på bakken. Du kan so gå bort og sparka kroppsdelane rundt på brettet, mens blodet blir spreidd utover! Dette er definitivt ikkje eit barnespel!

Grafikk

Grafikken i spelet er veldig god. Det er for eksempel mange flotte lyseffektar. Stemninga i spelet er gjennomgåande dyster, og det er blod og lik mange plassar. Musikken understrekar denne stemninga, og er for øvrig skikkelig bra.

Konklusjon

Dette er eit godt spel. Det er veldig actionprega, og om du likar sånne spel bør du prøva det. Men som sagt inneheld det ein del blod og vold, og er altso ikkje noko for sarte sjeler.

Bilde

[Bilde frå spelet. Format: 320×240 PNG.]

[Bilde frå spelet. Format: 320×240 PNG.]

 

Spel­informasjon

Versjon
3.21
Forfattar
Error Free
Heimesida
Tapan Kaikki
Kort beskriving
Skytespel for ein eller to spelarar. Voldelig og blodig!

Liknande spel

Kategoriar spelet er med i

Tapan Kaikki vart først omtalt 1999-10-21.


Gratis kvalitetsdataspel-nettstaden er skriven og utforma av Karl Ove Hufthammer. Eg set alltid pris på kommentarar, kritikk og tips.

RSS-utgåva av denne nettstaden.