Gratis kvalitetsdataspel

C-Dogs

Oppdatering 2009-07-08

Denne nettstaden er no offisielt lagt ned, eller i det minste lagt i koma. Eg vil ikkje komma med nokon nye omtalar framover. Dei gode nyheitene er at eg lèt alle dei gamle spelomtalane ligga oppe, og eg har sjekka og retta alle lenkjene, slik at det ikkje skal vera noko problem å lasta ned alle spela. Les gjerne òg historien bak Gratis kvalitetsdataspel, og send meg ein e-post om det er noko du lurer på.

Introduksjon

Dette er oppfølgjaren til det populære Cyberdogs. Her spelar du ein (eller to) elitesoldat(ar) som må ta ulike oppdrag. Desse går vanligvis ut på å drepa fiendar, finna ulike ting eller utforska eit visst område. For å komma inn i nokre rom treng du nøklar. Desse har forskjellige fargar og passar til dører med samme farge.

For utføra oppdraga, får du ulike våpen (kniv, andre handvåpen og bomber). Du kan ha inntil tre ulike våpen med deg på kvart brett, men kan bytta våpen mellom bretta. Kva våpen du kan velja varierer òg.

To spelarar

Viss de er to spelarar, skal de då samarbeida om oppdraget. Berre ein av spelarane må fullføra brettet, og begge startar då på neste brett. De kan òg spela mot kvarandre, i «Dog fight»-modusen (som for øvrig ikkje er so veldig spennande). Spelet er klart best med to spelarar, og enklare er det òg (men for all del, det går greitt med berre ein spelar).

Ulike oppdrag

Spelet har fem store oppdrag, kvart med si eiga historie. Desse er igjen delt inn i 15–20 småoppdrag/brett. I tillegg kan du laga eigne brett. Når du har klart eit brett får du eit passord, slik at du kan begynna direkte der neste gong. På grunn av dette blir ikkje spelet so vanskelig – det er berre å spela til du klarer brettet.

Grafikk

Spelet blir sett ovanfrå («fugleperspektiv»), og du ser berre det soldaten du styrer kan sjå. Du kan altså ikkje sjå gjennom vegger og andre hindringar. Ved å trykke ein tast kan du få opp eit kart over området. Uutforska delar og rom er der svartlagt. Når det er to spelarar, er skjermen delt i to delar, med spelar 1 på venstre halvdel og spelar 2 på høgre halvdel. Du kan velja å ha felles skjerm når spelarane er nær kvarandre, men eg synest dette berre blir forstyrrande.

Grafikken er 256-fargars VGA-grafikk og ganske bra. Ein fin, liten detalj er at du sjølv kan bestemma korleis personen du styrer skal sjå ut, ved å velja ansikt, hudfarge, hår, armar, kropp, bein og namn. Dette kan lagrast og seinare hentast fram igjen.

Lyd

Lydeffektane er greie nok. Består mest av skytelyder og ymse skrik! Det er ingen musikk i spelet, men viss du sjølv har musikkfiler av typen .MOD eller .S3M, kan spelet spela desse. Du må då laga ei lista over dei i ei eiga fil. Eg hadde berre nokre lyse, glade, sommarlige musikkfiler liggande når eg først spelte spelet, og det var kanskje ikkje heilt passande for den mørke, dystre stemninga … Om du vil, kan du bruka eigne lydeffektar.

Konklusjon

Dette er eit av dei beste spela eg har sett av denne typen, men denne typen spel er ikkje min favoritt. Det blir liksom litt kjedelig i lengda å berre gå rundt på brettet og skyta fiendar og slikt. Likevel er dette eit ekte kvalitetsspel og tilhengarar av denne typen spel vil nok lika det veldig godt. Det er spesielt gøy med to spelarar.

Bilde

[Bilde frå spelet. Format: 320×200 PNG.]

[Bilde frå spelet. Format: 320×200 PNG.]

 

Spel­informasjon

Versjon
1.06
Forfattar
Ronny Wester
Heimesida
C-Dogs
Kort beskriving
Skytespel for ein eller to spelarar. Du får forskjellige oppdrag som du må utføra.

Nedlasting

Liknande spel

Kategoriar spelet er med i

C-Dogs vart først omtalt 1999-06-09, og versjonen no omtalt vart lagt til 1999-07-14.


Gratis kvalitetsdataspel-nettstaden er skriven og utforma av Karl Ove Hufthammer. Eg set alltid pris på kommentarar, kritikk og tips.

RSS-utgåva av denne nettstaden.