Gratis kvalitetsdataspel

Splat!

Oppdatering 2009-07-08

Denne nettstaden er no offisielt lagt ned, eller i det minste lagt i koma. Eg vil ikkje komma med nokon nye omtalar framover. Dei gode nyheitene er at eg lèt alle dei gamle spelomtalane ligga oppe, og eg har sjekka og retta alle lenkjene, slik at det ikkje skal vera noko problem å lasta ned alle spela. Les gjerne òg historien bak Gratis kvalitetsdataspel, og send meg ein e-post om det er noko du lurer på.

Introduksjon

I dette spelet styrer du seks soldatar rundt på eit brett der dei skal skyta fiendar og eventuelt sauer. Du kan fordela desse soldatane på fire forskjellige lag som du kan flytta i ulike retningar. Du styrer soldatane ved å klikka med musa der dei skal gå (eller på oversiktskartet). Du skyter ved å høgreklikka på målet.

Grafikk og lyd

Grafikken er ganske god – fargerik 256-fargars grafikk. Lyden består av skyte- og sauelydar. På mi maskin var det ein irriterande klikkelyd i bakgrunnen, men det er nok berre på grunn av lydkortet mitt.

Klick & Create?

I det siste har det komen mange spel laga med program som Klick & Create og The Games Factory. Eg er ikkje so stor tilhengar slik spel, då dei ofte tar opp altfor stor plass. Hadde dette spelet blitt laga i eit slikt program ville det nok vore på 4–5 MiB. Men dette spelet er berre på 30 KiB! Eg må seia at slik dyktig programmering imponerer.

Konklusjon

Spelet er greitt nok det, med fin grafikk. Uansett tar det ikkje mange sekund å lasta ned. Det er kanskje ikkje den typen spel som varer lengst, men er likevel bra.

Sjå elles kategorien «Liknande spel» for fleire spel på berre 32 kibibyte.

Bilde

[Bilde frå spelet. Format: 320×200 PNG.]

 

Spel­informasjon

Forfattar
mmu
Kort beskriving
Eit lite spel der du styrer seks soldatar rundt for å skyta fiendar og – sauar!

Nedlasting

Liknande spel

Kategoriar spelet er med i

Splat! vart først omtalt 1999-06-12.


Gratis kvalitetsdataspel-nettstaden er skriven og utforma av Karl Ove Hufthammer. Eg set alltid pris på kommentarar, kritikk og tips.

RSS-utgåva av denne nettstaden.