Gratis kvalitetsdataspel

Super Methane Brothers

Oppdatering 2009-07-08

Denne nettstaden er no offisielt lagt ned, eller i det minste lagt i koma. Eg vil ikkje komma med nokon nye omtalar framover. Dei gode nyheitene er at eg lèt alle dei gamle spelomtalane ligga oppe, og eg har sjekka og retta alle lenkjene, slik at det ikkje skal vera noko problem å lasta ned alle spela. Les gjerne òg historien bak Gratis kvalitetsdataspel, og send meg ein e-post om det er noko du lurer på.

Introduksjon

Dette er eit plattformbasert spel av den gode, gamle sorten. Du hoppar rundt på eit brett og skal uskadeliggjera ulike fælslige skrømt. Det er basert på eit gammalt Amiga-spel, og kan minna ein del om dei klassiske Bubble Bobble-spela.

Sjølve spelet

Spelet består av fleire brett, kvart med si samling fiendar. For å komma vidare til neste brett må du ta knekken på desse. Du har eit metangassgevær du kan skyta dei med, og dei flyt då rundt i små bobler. Desse boblene kan du suga inn i geværet, for so å smella med stor kraft mot ein hard vegg … Dei blir sjølvsagt knust, og ut av dei kjem det ein haug med leiker (!) du kan plukka opp for å få poeng.

Rundt om på bretta vil du av og til finna ulike bonusgjenstandar, eksempelvis venger du kan fly med og turbosymbol som gjev deg ekstra fart. Det finst òg ein del hemmeligheiter du med litt hell vil oppdaga. Viss du klarer eit brett før ei viss tid har gått, får du eit kort (eit vanlig spelkort). Når du har samla fire forskjellige slike, får du eit ekstraliv. Viss du derimot brukar for lang tid på eit brett, kjem to skumle tidsvoktarar etter deg.

To spelarar

Nytt i denne siste versjonen er støtte for to spelarar, og her samarbeidar de om å få has på skrømta. Når éin dykk slepp opp for liv må den andre helda fram åleine.

Grafikk og lyd

Grafikken i spelet er både fargerik og variert. Spelet kjører i eit vindauge, og du kan gjera dette so stort eller lite du sjølv vil. Du kan òg velja å kjøra i ein spesiell «forstørringsmodus», der du berre ser ein del av brettet om gongen.

Musikken og lyden i spelet er, etter mi meining, genial. Musikken hørest akkurat ut som den i dei gode, gamle actionspela frå 80-talet, og resten av lyden består av fine lydeffektar.

Konklusjon

Eg er ganske glad i denne typen plattformspel, og eg likte dette veldig godt. Eg har store vanskar med å finna noko negativt med det; det har både god grafikk, god lyd, og er kjempegøy!

Bilde

[Bilde frå spelet. Format: 320×256 PNG.]

[Bilde frå spelet. Format: 320×256 PNG.]

[Bilde frå spelet. Format: 320×256 PNG.]

[Bilde frå spelet. Format: 320×256 PNG.]

[Bilde frå spelet. Format: 320×256 PNG.]

 

Spel­informasjon

Versjon
1.4.7
Forfattar
Mark Page, med fleire
Heimesida
Super Methane Brothers
Kort beskriving
Kjempekult Bubble Bobble-liknande spel med flott grafikk og lyd.

Liknande spel

Kategoriar spelet er med i

Super Methane Brothers vart først omtalt 2001-04-09, og versjonen no omtalt vart lagt til 2005-02-19.


Gratis kvalitetsdataspel-nettstaden er skriven og utforma av Karl Ove Hufthammer. Eg set alltid pris på kommentarar, kritikk og tips.

RSS-utgåva av denne nettstaden.