Gratis kvalitetsdataspel

Dafty Duck

Oppdatering 2009-07-08

Denne nettstaden er no offisielt lagt ned, eller i det minste lagt i koma. Eg vil ikkje komma med nokon nye omtalar framover. Dei gode nyheitene er at eg lèt alle dei gamle spelomtalane ligga oppe, og eg har sjekka og retta alle lenkjene, slik at det ikkje skal vera noko problem å lasta ned alle spela. Les gjerne òg historien bak Gratis kvalitetsdataspel, og send meg ein e-post om det er noko du lurer på.

Introduksjon

Dette er eit plattformspel inspirert av dei gamle Bubble Bobble-spela. Du styrer ein pingvin som skal redda småpingvinar som har forvilla seg vekk, og ligg no spreidd rundt på fleire brett. Samtidig må du uskadeliggjera ulike fiendar ved å «hakka» på dei.

Brett og bonusgjenstandar

Det finst mange brett i dette spelet, av sterkt varierande vanskegrad. Av og til finn du òg ulike bonusgjenstandar, som for eksempel kan gjera deg uovervinnelig.

Grafikk, musikk og konklusjon

Grafikken er veldig fargerik og fin, og musikken er heller ikkje dårlig. Liker du denne typen plattformspel, vil du heilt sikkert lika dette òg!

Bilde

[Bilde frå spelet. Format: 320×200 PNG.]

[Bilde frå spelet. Format: 320×200 PNG.]

[Bilde frå spelet. Format: 320×200 PNG.]

 

Spel­informasjon

Forfattar
Dod-G Pos-E
Kort beskriving
Bubble Bobble-liknande spel med pingvinar og andre rare dyr.

Nedlasting

Liknande spel

Kategoriar spelet er med i

Dafty Duck vart først omtalt 2001-05-19.


Gratis kvalitetsdataspel-nettstaden er skriven og utforma av Karl Ove Hufthammer. Eg set alltid pris på kommentarar, kritikk og tips.

RSS-utgåva av denne nettstaden.