Gratis kvalitetsdataspel

I Have No Tomatoes

Oppdatering 2009-07-08

Denne nettstaden er no offisielt lagt ned, eller i det minste lagt i koma. Eg vil ikkje komma med nokon nye omtalar framover. Dei gode nyheitene er at eg lèt alle dei gamle spelomtalane ligga oppe, og eg har sjekka og retta alle lenkjene, slik at det ikkje skal vera noko problem å lasta ned alle spela. Les gjerne òg historien bak Gratis kvalitetsdataspel, og send meg ein e-post om det er noko du lurer på.

Introduksjon

Kor mange tomatar klarar du å knusa på ti minutt?

Sprengte grøne tomatar

Raude, grøne og blå (!) tomatar kjem plutselig frå alle kantar og prøver å ta deg. Kva skal du gjera? Heldigvis har du nokre bomber, og om du slepp desse vil dei etter kort tid sprenga sund alle tomatar som måtte stå i vegen. Men pass for all del på at du kjem deg vekk før dei går av!

Tomatdiamantar

Kvar sprengte tomat etterlèt seg ein liten diamant, og nokre av desse gjev deg spesialevner og ymse gjenstandar. Du kan for eksempel få feller til å fanga tomatar i, evna til å teleportera deg vekk eller til å senda eldregn eller lyn frå himmelen (og tomatane). Men diamantane kan berre brukast éin gong, so det gjeld å samla opp mange. Og sjølv om du har evig liv bør du passa deg for tomatane, då du mistar diamantane dine (éin av kvar type) viss dei får tak i deg.

Ein fin måte å få mange diamantar på, er å sprenga alle fem tomatane med éi bomba (det er fem tomatar på skjermen om gongen, og nye kjem til når du sprenger dei). Men dette er lettare sagt enn gjort!

Ti små minutt

Spelet består av ti små labyrintliknande brett, som kvar tar (nøyaktig) eitt minutt å spela gjennom. I Have No Tomatoes passar altso fint som eit lite avbrekk når du tilfeldigvis skulle ha ti minutt til overs.

Det einaste poenget med spelet er å få mest mulig poeng, det vil seia å knusa flest mulig tomatar. Men spelet er svært vanedannande, og det blir lett mange ti-minuttarar i forsøk på å slå førre rekord!

Grafikk og lyd

Grafikken er enkel tredimensjonal, og flott teikna. Du kan velja oppløysing heilt fritt, og byta mellom ekte persektiv (der ting langt vekke ser mindre ut) og ein litt enklare standardvariant. Eg føretrekker klart sistnemnte.

Spelet har òg fine lydeffektar og tilhørande musikk. I tillegg kan du bruka dine eigne musikkfiler om du måtte ønskja.

Konklusjon

Eit flott, vanedannande småspel det gjerne er kjekt å ta fram kvar gong du ikkje har noko å ta deg til. Anbefalt.

Bilde

[Bilde frå spelet. Format: 320×240 JPEG.]

[Bilde frå spelet. Format: 320×240 JPEG.]

 

Spel­informasjon

Versjon
1.0
Forfattar
Mika Halttunen
Heimesida
I Have No Tomatoes
Kort beskriving
Har du ti minutt til overs? Kor mange tomatar klarar du å knusa på desse minutta?

Liknande spel

Kategoriar spelet er med i

I Have No Tomatoes vart først omtalt 2004-08-11.


Gratis kvalitetsdataspel-nettstaden er skriven og utforma av Karl Ove Hufthammer. Eg set alltid pris på kommentarar, kritikk og tips.

RSS-utgåva av denne nettstaden.