OBS! Dette er ein betaversjon av eit spel. Det vil seia at det ikkje er ferdig, og vil sannsynligvis innehelda feil, kanskje alvorlige feil. Kanskje vil det fungera OK, kanskje ikke. Verken eg eller spelprodusenten kan garantera noko.
Dette er eit spel for to til fire spelarar, der de skal prøva å sprenge bomber på kvarandre, og på ulike monster. Han eller ho som overlever lengst, vinn.
Kvart brett består av eit rutenett med felt, og kvart felt inneheld enten ein mur eller gras. Graset kan de gå på, men murar, motspelarar og monster må først sprengast vekk! Til all denne sprenginga har kvar spelar i utgangspunktet berre ei bombe han kan bruka om gongen, men under nokre av murane ligg ulike kjekke bonusgjenstandar. Desse kan gje deg fleire bomber, kraftigare bomber, gjera deg raskare, og mykje anna. Det finst totalt 20 ulike bonusgjenstandar, med varierande nyttegard.
Grafikken er høgoppløyselig og godt teikna. Du kan for øvrig sjølv velja kor store bretta skal vera, og korleis dei skal vera samansett, for eksempel om dei skal ha mange eller få murar.
Det er ingen musikk i spelet, med flust med gode lydeffektar. Ein fin detalj er at lyden er i stereo, slik at for eksempel bomber som går av på venstre sida av skjermen kjem i venstre høgtalar.
God grafikk, god lyd og talrike bonusgjenstander er med på å gjera dette til ein av dei betre versjonane av denne spelvarianten. Dette er eit spel det er vel verdt å bruka tid på, saman med gode vennar. Viss eg absolutt må nemna noko negativt, er det at grafikken er litt lite variert, og at ein ikkje kan spela mot kvarandre over nettverk.
Dynamite vart først omtalt 2002-04-13.
Du kan motta gratis nyheitsbrev med nye spelomtalar og varsel om nye versjonar av tidligare omtalte spel: