Gratis kvalitetsdataspel

Forsida

Sist oppdaterte spel

Det sist oppdaterte spelet på denne sida heiter Super Methane Brothers, og kan beskrivast slik: Kjempekult Bubble Bobble-liknande spel med flott grafikk og lyd. [Full omtale]

[Bilde frå spelet. Format: 320×256 PNG.]

Siste fem nye eller oppdaterte spel

2005-02-19 (oppdatert) – Super Methane Brothers
Kjempekult Bubble Bobble-liknande spel med flott grafikk og lyd.
2004-12-21 – Klabutong
Hjelp nissen å få alle gåvene oppi sleden, som han har komme i skade for å parkera for langt frå nisseverkstaden.
2004-12-20 – Zwarte Piet
Du spelar den nederlandske nissens hjelpar, Svarte-Peter, og fer rundt oppå hustaka med julegåver og peparkaker til ungane.
2004-08-11 – I Have No Tomatoes
Har du ti minutt til overs? Kor mange tomatar klarar du å knusa på desse minutta?
2004-06-13 – The Apprentice
Etter lang tid som trollmannens læregut får du endelig læra din første trylleformel. Du må berra samla saman alle dei nødvendige ingrediensane først …

 

Om nettstaden

Hei, hei! Her har eg laga ein liten nettstad med omtalar av 77 gratis PC-spel av høg kvalitet. Alle spela er heilt gratis og lovlige, altså ikkje «shareware» eller «abandonware». I tillegg er dei so gode at eg ikkje ville ha nølt med å gje alle terningkast 5 eller 6. Meir informasjon finn du på informasjonssida.

Omtalane er plasserte under forskjellige kategoriar. Det er litt overlapping (eitt spel kan vera under fleire kategoriar). Håpar det gjer det lettare å finna den type spel du vil ha.


Du kan motta gratis nyheitsbrev med nye spelomtalar og varsel om nye versjonar av tidligare omtalte spel:

 
 


Gratis kvalitetsdataspel-nettstaden er skriven og utforma av Karl Ove Hufthammer. Eg set alltid pris på kommentarar, kritikk og tips.

RSS-utgåva av denne nettstaden.