Gratis kvalitetsdataspel

Actionstrategispel

Oppdatering 2009-07-08

Denne nettstaden er no offisielt lagt ned, eller i det minste lagt i koma. Eg vil ikkje komma med nokon nye omtalar framover. Dei gode nyheitene er at eg lèt alle dei gamle spelomtalane ligga oppe, og eg har sjekka og retta alle lenkjene, slik at det ikkje skal vera noko problem å lasta ned alle spela. Les gjerne òg historien bak Gratis kvalitetsdataspel, og send meg ein e-post om det er noko du lurer på.

Siste nye eller oppdaterte spel

2004-08-11 – I Have No Tomatoes
Har du ti minutt til overs? Kor mange tomatar klarar du å knusa på desse minutta?
2002-12-20 – SkyRoads Xmas Special
Styr eit romskip gjennom ymse «vegar» i verdsrommet, og sjå opp for hindringar. Minner litt om det klassiske Trailblazer-spelet. Dette er ein juleversjon.
2002-07-01 – SkyRoads
Styr eit romskip gjennom ymse «vegar» i verdsrommet, og sjå opp for hindringar. Minner litt om det klassiske Trailblazer-spelet.

Speloversikt

Atoll
Tetris-liknande spel der du skal prøva å frakta små, søte vesen til si nye heimøy.
Baroll
Eit flott spel der du bygger baner som nokre tønner skal rulla på (liknar litt på Pipemania).
BubbleBall
Du skal skyta farga kuler på andre farga kuler. Når du får tre eller fleire bobler av same farge saman, forsvinn dei.
Bubble Puzzle 97
Du skal skyta farga bobler på andre farga bobler. Når du får tre eller fleire bobler av same farge saman, forsvinn dei alle.
Busta Move
Du skal skyta farga bobler på andre farga bobler. Når du får tre eller fleire bobler av same farge saman, forsvinn dei.
Command da Bonga
Skytespel som liknar på Command and Conquer. Tar veldig liten plass.
Cultures – The Beginning
Du spring rundt og skyt villsvin, bjørnar og vikingar, samtidig som du prøver å plukka opp alt gullet du kjem over.
Dynamite
Nyversjon av dei klassiske Bomberman-/Dynablaster-spela. Opptil 4 spelarar kan delta samtidig.
I Have No Tomatoes
Har du ti minutt til overs? Kor mange tomatar klarar du å knusa på desse minutta?
I’ve got some balls
3D-spel der du styrer ei kule gjennom eit brett for å samla diamantar.
Klass of 99
Nyversjon av Skool Daze, der du spelar eleven Eric som alltid kjem opp i trøbbel …
mrboom
Utrulig bra versjon av dei klassiske Bomberman-/Dynablaster-spela. Opptil 8 spelarar kan delta samtidig ved ei maskin eller over nettverk.
Pizza Worm
Snake-liknande tospelarspel, med flott grafikk og lyd, samt 360° bevegelse.
Roll ’m Up
Flipperspel med flott grafikk, lyd og musikk.
SkyRoads
Styr eit romskip gjennom ymse «vegar» i verdsrommet, og sjå opp for hindringar. Minner litt om det klassiske Trailblazer-spelet.
SkyRoads Xmas Special
Styr eit romskip gjennom ymse «vegar» i verdsrommet, og sjå opp for hindringar. Minner litt om det klassiske Trailblazer-spelet. Dette er ein juleversjon.
Smack a Thief
Actionstrategispel der du må beskytta landsbyen din mot grusomme vikingar, ved å – daska dei …
Splat!
Eit lite spel der du styrer seks soldatar rundt for å skyta fiendar og – sauar!
Spryjinx
Plattformspel der to spelarar prøver å samla mest mulig poeng ved å hoppe på brikker av ulik verdi, eller få motstandaren til å detta ned.
Spryjinx 3D
Eit 3D-plattformspel der to spelarar prøver å samla mest mulig poeng ved å hoppe på brikker av ulik verdi, eller få motstandaren til å detta ned.
Supaplex
Styr Murphy rundt i eit labyrintliknande miljø for å samla inn «infotronar». Vanskeligare enn det hørest ut.
XLogical
Rull små, farga kuler på skjener og inn i kapslar. Når ein kapsel blir fylt med fire kuler i same farge, eksploderer kulene.

 

Om nettstaden

Her finn du omtalar av 22 gratis actionstrategispel av veldig høg kvalitet. Alle spela er heilt gratis og lovlige, altså ikkje «shareware» eller «abandonware». I tillegg er dei so gode at eg ikkje ville ha nølt med å gje alle terningkast 5 eller 6. Meir informasjon finn du på informasjonssida.

Om kategorien

Denne kategorien inneheld actionstrategispel. Actionstrategispel er spel som inneheld både element av action (rask handling) og strategi. Kort sagt er dette actionspel som krev litt tenking.

Andre kategoriar


Gratis kvalitetsdataspel-nettstaden er skriven og utforma av Karl Ove Hufthammer. Eg set alltid pris på kommentarar, kritikk og tips.

RSS-utgåva av denne nettstaden.