Etter å ha levd som trollmannens læregut (i praksis hushjelp) i lengre tid, får du endelig sjansen til læra din første trylleformel. Du må berre få tak i alle dei nødvendige ingrediensane først. Dette er sjølvsagt lettare sagt enn gjort!
Sjølv om plottet er høgst uorginalt, hindrar ikkje dette spelet frå å vera bra. The Apprentice er nemlig skikkelig forseggjort, både grafisk og musikalsk, og viktigst av alt: Det er underhaldande!
Elles bør ein vera klar over at dette spelet berre er første episode i ein serie på tre. Dei to andre er under utvikling, og vil òg vera gratis. Men første episode er heilt avsluttande handlingsmessig, og sjølv om spelet er litt kort, er det vanskelig nok til at du ikkje blir ferdig med det med ein gong.
Teknisk sett er dette eit tradisjonelt «peik og klikk»-eventyrspel, der du skal gå rundt og plukka opp gjenstander, bruka desse på andre gjenstander, og snakka med folk for å komma vidare.
Som vanlig i slike spel trykker du med musa der du vil gå, og utfører handlingar ved hjelp av nokre handlingsord, «sjå på», «ta», «snakk med» og «bruk», som dukkar opp når du fører peikaren mot botnen av skjermen. Her finn du òg ei tryllebok som inneheld alle gjenstandar du har tatt med deg.
Dette systemet fungerer dessverre ikkje so godt som det burde, delvis for handlingslista berre visest når du har peikaren over ho, og delvis fordi du «mistar» ei handling når du har brukt ho (skal du for eksempel sjå på fleire gjenstandar, må du flytta peikaren ned på handlingslista, trykka «sjå på», og so trykka på tingen for kvar einaste ting). Det hadde vore mykje lettare å kunna byta mellom handlingar ved å høgreklikka, slik det er i mange andre spel.
Grafikken i spelet er lågoppløyselig, men fargerik, og flott teikna. Animasjonane når du utfører handlingar er jamne og detaljerte. Her er det ikkje tatt nokon snarvegar som ein so ofte ser i slike spel.
Lydmessig fortener spelet toppkarakter. Musikken er fantastisk stemningsfull, og passar grafikken og handlinga perfekt! The Apprentice har òg mange lydeffektar, og dei tilfører spelet mykje.
Dette er eit av dei betre gratis eventyrspela som er laga. Det er so gjennomført på nesten alle område at det knapt kunne vore betre, iallfall bilde- og lydmessig. Me ventar i spenning på neste episode!
The Apprentice vart først omtalt 2004-06-13.
Du kan motta gratis nyheitsbrev med nye spelomtalar og varsel om nye versjonar av tidligare omtalte spel: