Gratis kvalitetsdataspel

Tenkespel

Oppdatering 2009-07-08

Denne nettstaden er no offisielt lagt ned, eller i det minste lagt i koma. Eg vil ikkje komma med nokon nye omtalar framover. Dei gode nyheitene er at eg lèt alle dei gamle spelomtalane ligga oppe, og eg har sjekka og retta alle lenkjene, slik at det ikkje skal vera noko problem å lasta ned alle spela. Les gjerne òg historien bak Gratis kvalitetsdataspel, og send meg ein e-post om det er noko du lurer på.

Siste nye eller oppdaterte spel

2004-06-13 – The Apprentice
Etter lang tid som trollmannens læregut får du endelig læra din første trylleformel. Du må berra samla saman alle dei nødvendige ingrediensane først …
2004-06-12 (oppdatert) – Zep’s Dreamland
Bygg og øydelegg boksar for å komma deg fram gjennom drømmeland.
2004-04-17 – Cubert Badbone, P.I.
Detektimen i svart-kvitt. Eller noko sånt.

Speloversikt

Atoll
Tetris-liknande spel der du skal prøva å frakta små, søte vesen til si nye heimøy.
Baroll
Eit flott spel der du bygger baner som nokre tønner skal rulla på (liknar litt på Pipemania).
Black-Box
Finn ut kor krystallane er plasserte i ein svart boks ved skyta laserstråler på dei.
Blocks+
Skubb boksar og saml små steinar gjennom mange brett. Kjempegøy hjernetrim for heile familien!
BubbleBall
Du skal skyta farga kuler på andre farga kuler. Når du får tre eller fleire bobler av same farge saman, forsvinn dei.
Bubble Puzzle 97
Du skal skyta farga bobler på andre farga bobler. Når du får tre eller fleire bobler av same farge saman, forsvinn dei alle.
Busta Move
Du skal skyta farga bobler på andre farga bobler. Når du får tre eller fleire bobler av same farge saman, forsvinn dei.
Cubert Badbone, P.I.
Detektimen i svart-kvitt. Eller noko sånt.
Drops of Light
Flytt foton med ulike fargar slik at dei dannar eit spesielt mønster.
Elimination III
Kinasjakk med ein liten vri.
God of Thunder
Kjempekjekt eventyr-/tenkespel basert på norrøn mytologi.
Marble Crazy
Spel for ein eller to spelarar, der du/de skal prøva å stilla tre eller fleire kuler på rekke for å få dei til å forsvinna (litt Tetris-liknande).
Midnight Sunitaire
Flott, men vanskelig kabalspel. Laga av ein nordmann!
Othello
Dataversjon av det kjente, gamle brettspelet Othello (òg kalla Reversi).
Out Of Order
Perfekt eventyrspel med flott grafikk, lyd og humor.
Ozzie and the Quantum Playwright
Sprøtt, men veldig godt eventyrspel, der du må skaffa hjelp frå Shakespeare for å redda dramainstituttet ved universitetet.
PySol
Flott kabalspel med meir enn 200 kabalvariantar, fin grafikk, musikk, og mange nyttige funksjonar.
RusCell 95
Kabalspel med flott grafikk. Basert på FreeCell-kabalen.
Supaplex
Styr Murphy rundt i eit labyrintliknande miljø for å samla inn «infotronar». Vanskeligare enn det hørest ut.
Teen Agent
Flott eventyrspel der du spelar ein ung, hemmelig agent.
The Apprentice
Etter lang tid som trollmannens læregut får du endelig læra din første trylleformel. Du må berra samla saman alle dei nødvendige ingrediensane først …
The Breakdown
Kort, men kjempegodt eventyrspel. Du er stranda i ørkenen med havarert bil. Klarer du å få han fiksa før det blir kveld?
The Pickles
Skubb boksar rundt på brett for å laga fri veg til mål. Ymse fiendar og verktøy gjer det heile både vanskeligare og lettare. Utfordrande hjernetrim!
Wonderworld
Kjekt eventyrspel med nydelig grafikk.
XLogical
Rull små, farga kuler på skjener og inn i kapslar. Når ein kapsel blir fylt med fire kuler i same farge, eksploderer kulene.
Zep’s Dreamland
Bygg og øydelegg boksar for å komma deg fram gjennom drømmeland.

 

Om nettstaden

Her finn du omtalar av 26 gratis tenkespel av veldig høg kvalitet. Alle spela er heilt gratis og lovlige, altså ikkje «shareware» eller «abandonware». I tillegg er dei so gode at eg ikkje ville ha nølt med å gje alle terningkast 5 eller 6. Meir informasjon finn du på informasjonssida.

Om kategorien

Denne kategorien inneheld tenkespel. Tenkespel er spel som krev tenking – i større eller mindre grad. Dei kan innehelda element av action, men vanligvis er dette rolige spel.

Andre kategoriar


Gratis kvalitetsdataspel-nettstaden er skriven og utforma av Karl Ove Hufthammer. Eg set alltid pris på kommentarar, kritikk og tips.

RSS-utgåva av denne nettstaden.