Gratis kvalitetsdataspel

Liero

Oppdatering 2009-07-08

Denne nettstaden er no offisielt lagt ned, eller i det minste lagt i koma. Eg vil ikkje komma med nokon nye omtalar framover. Dei gode nyheitene er at eg lèt alle dei gamle spelomtalane ligga oppe, og eg har sjekka og retta alle lenkjene, slik at det ikkje skal vera noko problem å lasta ned alle spela. Les gjerne òg historien bak Gratis kvalitetsdataspel, og send meg ein e-post om det er noko du lurer på.

Introduksjon

Liero er eit tospelarspel der ein spelar voldelige makkar! De kryp rundt på eit brett og skal prøva å skyta kvarandre med ulike våpen. Det kan minna litt om spelet Worms, men er ikkje turbasert.

Våpen

I starten er nesten heile brettet full av jord, og du må enten grava eller skyta deg gjennom denne. So skal du prøva å komma nær motstandaren og senda nokre velretta skot mot han, helst utan å bli skoten sjølv. Til hjelp har du alt frå enkle handvåpen og dartpiler til bomber og granater. Kvar spelar startar med fem forskjellige våpen kvar, enten sjølvvalgte eller plukka ut av maskina. Mens ein spelar dukkar det òg av og til opp nokre ekstra våpen, men du kan berre ha fem samtidig. Nokre våpen er betre enn andre, men dei fleste er nyttige, iallfall i visse situasjonar.

Tauslenging

Forutan å krabba rundt på brettet kan du slenga deg i tau viss det er nok ope rom rundt deg. Du har (vanligvis) mange liv, so etter litt speling blir det fort plass til å slenga deg.

Grafikk og lyd

Lydeffektane er gode, og består av skytelydar og eit og anna splatt! Grafikken er fin, med flotte eksplosjonseffektar! Skjermen er delt på midten og kvar spelar har sin eigen halvdel. Det kan forresten vera nyttig å sjå på motstandarens halvdel òg, for eksempel viss han er utanfor din eigen del og du skyt mot han med laser. Du kan då sjå når du har sikta skikkelig inn.

Konklusjon

Eg vil verkelig anbefala dette spelet. Viss du er tilhengar av Worms-spela, vil du elska dette. Men viss du aldri har hørt om Worms-spela, vil du sannsynligvis òg elska det – det er eit av dei aller mest populære spela på denne nettstaden! Dei mange forskjellige våpena er med på å gjera dette til eit spel du ikkje går lei med det første. Ein kan for øvrig òg laga eigne brett.

Bilde

[Bilde frå spelet. Format: 320×200 PNG.]

[Bilde frå spelet. Format: 320×200 PNG.]

 

Spel­informasjon

Versjon
1.33
Forfattar
Metsän Eläimet
Heimesida
Liero
Kort beskriving
Tospelarspel der to makkar skal ta livet av kvarandre ved bruk av kraftige våpen. Kjempebra!

Kategoriar spelet er med i

Liero vart først omtalt 1999-03-01.


Gratis kvalitetsdataspel-nettstaden er skriven og utforma av Karl Ove Hufthammer. Eg set alltid pris på kommentarar, kritikk og tips.

RSS-utgåva av denne nettstaden.