Gratis kvalitetsdataspel

Fleirspelarspel

Oppdatering 2009-07-08

Denne nettstaden er no offisielt lagt ned, eller i det minste lagt i koma. Eg vil ikkje komma med nokon nye omtalar framover. Dei gode nyheitene er at eg lèt alle dei gamle spelomtalane ligga oppe, og eg har sjekka og retta alle lenkjene, slik at det ikkje skal vera noko problem å lasta ned alle spela. Les gjerne òg historien bak Gratis kvalitetsdataspel, og send meg ein e-post om det er noko du lurer på.

Siste nye eller oppdaterte spel

2005-02-19 (oppdatert) – Super Methane Brothers
Kjempekult Bubble Bobble-liknande spel med flott grafikk og lyd.
2004-12-21 – Klabutong
Hjelp nissen å få alle gåvene oppi sleden, som han har komme i skade for å parkera for langt frå nisseverkstaden.
2003-01-19 (oppdatert) – Marble Crazy
Spel for ein eller to spelarar, der du/de skal prøva å stilla tre eller fleire kuler på rekke for å få dei til å forsvinna (litt Tetris-liknande).

Speloversikt

Blobby Volley
Strandvolleyballspel for to spelarar. Ein nyversjon av det gamle Volley-spelet.
Blocks+
Skubb boksar og saml små steinar gjennom mange brett. Kjempegøy hjernetrim for heile familien!
Catch the Sperm II
Skyt sædceller og virus med kondomar. Spelet er gitt ut som eit ledd i ein kampanje for større allmenn merksemd og kunnskap om HIV og AIDS.
C-Dogs
Skytespel for ein eller to spelarar. Du får forskjellige oppdrag som du må utføra.
Dynamite
Nyversjon av dei klassiske Bomberman-/Dynablaster-spela. Opptil 4 spelarar kan delta samtidig.
Elimination III
Kinasjakk med ein liten vri.
Jump ʼn Bump
Fleirspelarspel for to til fire spelarar. De spelar nokre små, søte kaninar, viss einaste kall i livet er å prøva å ta livet av kvarandre.
Klabutong
Hjelp nissen å få alle gåvene oppi sleden, som han har komme i skade for å parkera for langt frå nisseverkstaden.
Liero
Tospelarspel der to makkar skal ta livet av kvarandre ved bruk av kraftige våpen. Kjempebra!
Marble Crazy
Spel for ein eller to spelarar, der du/de skal prøva å stilla tre eller fleire kuler på rekke for å få dei til å forsvinna (litt Tetris-liknande).
Maximum Overdrive
Bilspel frå ein til fire spelarar. Flis rundt på ei bane i høg fart. Alle middel er tillatne i konkurransen med dei andre – inkludert bomber og granatar!
mrboom
Utrulig bra versjon av dei klassiske Bomberman-/Dynablaster-spela. Opptil 8 spelarar kan delta samtidig ved ei maskin eller over nettverk.
Othello
Dataversjon av det kjente, gamle brettspelet Othello (òg kalla Reversi).
Pizza Worm
Snake-liknande tospelarspel, med flott grafikk og lyd, samt 360° bevegelse.
Pool ’m Up
Biljardspel med flott grafikk, lyd og musikk.
Spryjinx
Plattformspel der to spelarar prøver å samla mest mulig poeng ved å hoppe på brikker av ulik verdi, eller få motstandaren til å detta ned.
Spryjinx 3D
Eit 3D-plattformspel der to spelarar prøver å samla mest mulig poeng ved å hoppe på brikker av ulik verdi, eller få motstandaren til å detta ned.
Super Methane Brothers
Kjempekult Bubble Bobble-liknande spel med flott grafikk og lyd.
Tapan Kaikki
Skytespel for ein eller to spelarar. Voldelig og blodig!

 

Om nettstaden

Her finn du omtalar av 19 gratis fleirspelarspel av veldig høg kvalitet. Alle spela er heilt gratis og lovlige, altså ikkje «shareware» eller «abandonware». I tillegg er dei so gode at eg ikkje ville ha nølt med å gje alle terningkast 5 eller 6. Meir informasjon finn du på informasjonssida.

Om kategorien

Denne kategorien inneheld fleirspelarspel. Dette er spel som fleire kan spela samtidig. Spela i denne kategorien er for to eller fleire spelarar, men ofte er det òg mulig å spela åleine (mot datamaskina).

Andre kategoriar


Gratis kvalitetsdataspel-nettstaden er skriven og utforma av Karl Ove Hufthammer. Eg set alltid pris på kommentarar, kritikk og tips.

RSS-utgåva av denne nettstaden.