Gratis kvalitetsdataspel

Manic Miner PC

Oppdatering 2009-07-08

Denne nettstaden er no offisielt lagt ned, eller i det minste lagt i koma. Eg vil ikkje komma med nokon nye omtalar framover. Dei gode nyheitene er at eg lèt alle dei gamle spelomtalane ligga oppe, og eg har sjekka og retta alle lenkjene, slik at det ikkje skal vera noko problem å lasta ned alle spela. Les gjerne òg historien bak Gratis kvalitetsdataspel, og send meg ein e-post om det er noko du lurer på.

Introduksjon

Manic Miner var eit av dei første plattformspela (og sannsynligvis det mest populære). Originalversjonen kom ut i 1983, på dei fleste 8-bitsmaskinene som eksisterte då.

Gruvearbeidar Willy

Du speler ein gruvearbeider, Willy, som vandrar rundt og skal prøva å få tak i nokre nøklar og andre ting for å koma seg til neste brett.

Grafikk og lyd

Spelet er ganske likt originalen, og bretta og fiendane er identiske. Det einaste som er oppdatert er grafikken og lyden – no er det 256-fargars grafikk. Han ser veldig bra ut! Musikken er ein forbetra versjon av originalmusikken (I dovregubbens hall), men originalmusikken er òg inkludert. Støtta for lydkort er bra, ved hjelp av Midas audio library.

Spelbarheit

Spelbarheita i dette spelet er veldig god. Det er nok ein av grunnane til at Manic Miner har blitt so populær. Denne versjonen inneheld alle bretta i originalversjonen (det blir fort vanskelig på dei seinare bretta), men òg 20 nye/alternative brett.

Konklusjon

Dette er ein nyversjon av eit av dei mest populære plattformspela nokosinne, med både god grafikk og god lyd. Viss du har spelt Manic Miner før, i ein eller annan versjon, vil eg verkelig anbefala deg å prøva denne versjonen. Viss du imidlertid ikkje har spelt originalversjonen før, bør du likevel sjå nærare på dette spelet; det er skikkelig kjekt!

Bilde

[Bilde frå spelet. Format: 256×192 PNG.]

[Bilde frå spelet. Format: 256×192 PNG.]

 

Spel­informasjon

Versjon
1.51
Forfattar
Andy Noble, med fleire
Heimesida
Manic Miner PC
Kort beskriving
Nyversjon av dette klassiske spelet. Romma og styrekontrollen er identisk med originalen, men spelet har sterkt forbetra grafikk og musikk.

Liknande spel

Kategoriar spelet er med i

Manic Miner PC vart først omtalt 1999-06-27.


Gratis kvalitetsdataspel-nettstaden er skriven og utforma av Karl Ove Hufthammer. Eg set alltid pris på kommentarar, kritikk og tips.

RSS-utgåva av denne nettstaden.