Gratis kvalitetsdataspel

Jet Set Willy PC

Oppdatering 2009-07-08

Denne nettstaden er no offisielt lagt ned, eller i det minste lagt i koma. Eg vil ikkje komma med nokon nye omtalar framover. Dei gode nyheitene er at eg lèt alle dei gamle spelomtalane ligga oppe, og eg har sjekka og retta alle lenkjene, slik at det ikkje skal vera noko problem å lasta ned alle spela. Les gjerne òg historien bak Gratis kvalitetsdataspel, og send meg ein e-post om det er noko du lurer på.

Introduksjon

Jet Set Willy var oppfølgjaren til Manic Miner og vart snart like populær. Ei stund etter at Jet Set Willy var komen ut, kom Jet Set Willy 2, som var lik originalen men med endå fleire brett (enormt mange!). Dette er ein nyversjon av Jet Set Willy. Grafikken og musikken er forbetra, men spelet er elles som før.

Bakgrunnshistorien

Etter mykje strev i Manic Miner kom Willy seg endelig ut av gruvene, og med mykje pengar. Desse har han brukt på ein flott luksusvilla, bil, båt, hushjelp og alt det andre som hører til nyrike menneske. Slike menneske har det òg med plutselig å få mange nye vennar. Willy og vennane hans har festa natta lang. Litt dans og alkohol har nok vore med i bildet, og etter at gjestane endelig har gått, føler Willy seg naturlig nok heller trøytt!

Willy vil gå til sengs, men huset ser ikkje ut. Dette vil ikkje den italienske hushjelpa finna seg i – Willy må rydda. Det blir ikkje lett, for huset er fullt av glas, tomme (!) flasker og liknande. Alt dette må han rydda for å få legga seg.

Mange rom

Ja, det er dette spelet går ut på. Du gå gjennom heile huset og rundt på eigedommen for å rydda etter festen. Det største problemet er alle dyra, andre vesen og skarpe ting som er overalt. Spelet er relativt likt Manic Miner, men du har større fridom, då du ikkje treng bli ferdig med eitt rom for å gå til neste. Likevel, det er ikkje lett, det finst mange rom (fleire enn i Manic Miner men heldigvis færre enn i Jet Set Willy 2).

Grafikk og lyd

Grafikken er som sagt forbetra frå originalen – flott 256-fargars grafikk. I tillegg er musikken forbetra. Som du kanskje veit var, det melodien til Om eg var ein rik mann som følgde med det originale Jet Set Willy-spelet. Denne er sjølvsagt òg inkludert her, men då som ein av fleire melodiar.

Konklusjon

Flott spel. Om du har spelet Jet Set Willy eller Manic Miner før, vil dette vera eit kjærkomen gjensyn. Han som laga denne nyversjonen har òg laga ein nyversjon av Manic Miner, Manic Miner PC.

Bilde

[Bilde frå spelet. Format: 256×192 PNG.]

[Bilde frå spelet. Format: 256×192 PNG.]

 

Spel­informasjon

Versjon
0.991
Forfattar
Andy Noble, med fleire
Heimesida
Jet Set Willy PC
Kort beskriving
Nyversjon av dette klassiske spelet. Romma og styrekontrollen er identisk med originalen, men spelet har sterkt forbetra grafikk og musikk.

Liknande spel

Kategoriar spelet er med i

Jet Set Willy PC vart først omtalt 1999-10-31.


Gratis kvalitetsdataspel-nettstaden er skriven og utforma av Karl Ove Hufthammer. Eg set alltid pris på kommentarar, kritikk og tips.

RSS-utgåva av denne nettstaden.