Gratis kvalitetsdataspel

Biliardo

Oppdatering 2009-07-08

Denne nettstaden er no offisielt lagt ned, eller i det minste lagt i koma. Eg vil ikkje komma med nokon nye omtalar framover. Dei gode nyheitene er at eg lèt alle dei gamle spelomtalane ligga oppe, og eg har sjekka og retta alle lenkjene, slik at det ikkje skal vera noko problem å lasta ned alle spela. Les gjerne òg historien bak Gratis kvalitetsdataspel, og send meg ein e-post om det er noko du lurer på.

Introduksjon

Biljardspel for datamaskiner finst det fleire av, men dette er likevel unikt. Det inneheld nemlig italienske biljardvariantar …

Spelet består av åtte forskjellige variantar, der den einaste eg har hørt om før er «carom». Overraskande nok går alle variantane føre seg på bord utan hol, noko som er uvant, men interessant. Spelet har støtte for to spelarar og ingen datamotstandar.

Fysisk bra

Verkeligheitssimuleringa i spelet er imponerande. Når du skal skyta, kan du bestemma kor køen skal plasserast, vinkelen køen skal ha med bordet, nøyaktig kor på ballen du skal treffa, kor stor kraft du skal skyta med og til og med temperaturen i rommet! Ved å setta desse innstillingane korrekt, kan du faktisk få køballen til å følgja ei krumma linje.

Det kan vera vanskelig å treffa slik du vil, og her har spelet innebygd hjelp. Du kan slå på vising av bana ballane vil følgja, enten berre for køballen eller for alle ballane. Dette er jo eigentlig fusk, men kan vera greitt å bruka når du lærer deg spelet og viss du prøver på spesielle biljardtriks.

Grafikk

Grafikken i spelet er flott – både bordet og ballane er godt teikna. Ballana trillar òg jamnt og naturlig, noko som skapar ei kjensle realisme. Ein litt artig detalj er at du kan velja mellom to utjånader på grafikken – profesjonell og bar. Med den profesjonelle utsjånaden ser alt reint og glattpolert, men byttar du til bar-modus ser det faktisk ut som om spelet føregår i ein bar. Det er flekkar på bordet og sigarettstumpar på kanten!

Musikk og lyd

Av ein eller annan grunn er det visst veldig populært å ha «ragtime»-musikk i biljardspel. Dette er ikkje noko unntak, og i menyskjermen kjører ei god utgåva av Scott Joplins The Entertainer. Det er ikkje meg imot; eg elskar «ragtime».

Lydeffektane er òg veldig bra og realistiske. Spesielt lyden av to ballar som støtar saman er heilt perfekt.

Konklusjon

Eg har problemar med å finna nokon feil med dette spelet. Dei einaste eg kjem på er manglande støtte for datamotstandarar og meir vanlige biljardvariantar. Elles er dette spelet perfekt, både grafisk, lydmessig og teknisk. Alle som likar biljard bør absolutt ta ein nærare kikk på Biliardo!

Bilde

[Bilde frå spelet. Format: 320×240 PNG.]

[Bilde frå spelet. Format: 320×240 PNG.]

 

Spel­informasjon

Versjon
2.2
Forfattar
Marco Chiesi
Heimesida
Biliardo
Kort beskriving
Biljardspel med åtte italienske biljardvariantar. Flott grafikk, lyd og musikk.

Liknande spel

Kategoriar spelet er med i

Biliardo vart først omtalt 2001-11-02, og versjonen no omtalt vart lagt til 2002-03-20.


Gratis kvalitetsdataspel-nettstaden er skriven og utforma av Karl Ove Hufthammer. Eg set alltid pris på kommentarar, kritikk og tips.

RSS-utgåva av denne nettstaden.