Denne nettstaden er no offisielt lagt ned, eller i det minste lagt i koma. Eg vil ikkje komma med nokon nye omtalar framover. Dei gode nyheitene er at eg lèt alle dei gamle spelomtalane ligga oppe, og eg har sjekka og retta alle lenkjene, slik at det ikkje skal vera noko problem å lasta ned alle spela. Les gjerne òg historien bak Gratis kvalitetsdataspel, og send meg ein e-post om det er noko du lurer på.
Ein vond sylteagurk prøver å overta verda! Vel, han prøver å overta sylteagurkland, iallfall. Og då sylteagurkar som kjent ikkje er av dei smartaste, er det ein stor sjanse for at han vil lykkast. Med mindre – med mindre kanskje du kan hjelpa. Det blir di oppgåva å redda dei stakkars sylteagurkane frå den vonde Mecha.
Mecha har laga ein serie med brett med ulike hinder på, som du må gjennom for å nå han. Kvart brett er skjermstort, og forma som eit slags rutenett, der nokre ruter inneheld boksar eller andre gjenstandar. Du styrer frå ein til seks sylteagurkar, som må komma frå inngangsrutene til utgangsrutene.
Vanligvis inneheld bretta ein del «veggar», som er boksar du ikkje kan flytta på. Desse må du berre gå utanom. Men det finst òg nokre boksar du kan flytta på, som oftast står i vegen. Desse boksane har eit tal på seg, som viser kor mange gongar du kan flytta dei. Etter at du har flytta dei so mange gongar, blir dei til veggar. På nokre av bretta er det òg fiendar. Desse må du passa deg for, då det kostar deg eit liv å komma i kontakt med dei. Heldigvis er dei endå dummare enn sylteagurkar, og virrar tilfeldig rundt.
Vanlige sylteagurkar klarer berre å skubba boksar. Men på nokre brett finn du gjenstandar som gjer sylteagurkane om til vitskapssylteagurkar. Desse er litt smartare enn vanlige sylteagurkar, og kan dra til seg boksar. Det finst òg gjenstandar som gjer dei til gruvearbeidarsylteagurkar, som kan slå hol i veggar med sprekker, og gjenstandar som gjer dei til pilotsylteagurkar, som kan fyka over boksar med tal på. Alle desse gjenstandane kan du legga frå deg, viss du ønskjer å bli ein vanlig sylteagurk igjen (og kven ønskjer ikkje det‽).
Spelet er delt inn i fem forskjellige verder, kvar med si eiga grafiske utforming. Første verd er for det meste veldig grei, og er der hovudsaklig for å gjera deg kjent med spelet, og dei ulike tinga du finn der. Her dukkar det òg opp ein gaid som forklarer deg litt om kvart brett. I dei seinare verdene kjem han òg fram av og til, men sjeldnare.
Elles stig vanskegraden rimelig jamnt utover. Nokre brett er veldig vanskelige, og krev intens hjerneaktivitet. Men trøsta får bli at ingen er umulig. Eg har komme gjennom alle!
Rundt om på bretta ligg det nokre stjerner. Du har berre tre liv, men får eit nytt når du har plukka opp 40 slike stjerner. For øvrig får du eit passord for kvart femte brett, som gjer at du kan starta direkte på dette neste gong. Sjølv syntest eg dette berre var irriterande, og meiner ein godt kunne hatt evig liv. Det er veldig frustrerande å måtta spela fire brett om igjen (og om igjen, og om igjen), berre fordi du ikkje klarer det femte.
Grafikken i spelet er høgoppløyselig, og veldig bra teikna. Men han er mindre bra fargelagt, synest eg. Det er brukt få og sterke fargar. Men dette er berre småplukk. Grafikken er god! Elles er musikken i spelet òg bra, og det same er lydeffektane.
Dette er eit kjempekjekt spel, som eg vil anbefala på det varmaste for alle som likar litt hjernetrim. Prøv det!
The Pickles vart først omtalt 2002-11-05.