Gratis kvalitetsdataspel

Spryjinx

Oppdatering 2009-07-08

Denne nettstaden er no offisielt lagt ned, eller i det minste lagt i koma. Eg vil ikkje komma med nokon nye omtalar framover. Dei gode nyheitene er at eg lèt alle dei gamle spelomtalane ligga oppe, og eg har sjekka og retta alle lenkjene, slik at det ikkje skal vera noko problem å lasta ned alle spela. Les gjerne òg historien bak Gratis kvalitetsdataspel, og send meg ein e-post om det er noko du lurer på.

Introduksjon

Dette spelet er eit spel for ein eller to spelarar. Med berre ein spelar får du ein datakontrollert motstander. Heile spelet går ut på å hoppe på brikker/plattformer for å få poeng. Når du landar på ei brikka får ho same farge som deg (grøn eller blå). Brikkene flyttar seg heile tida nedover på skjermen, og du får ikkje poenga før brikka er øydelagt, dvs. komen ut av skjermen. Dette fører til at motstandaren kan hoppe på same brikka før ho går ut av skjermen, og soleis få poeng. Kor mykje poeng du får er skriven på brikka.

Vinnarar og taparar

Vinnaren er han som har mest poeng ved slutten/toppen av brettet, eller som overlever. Du har nemlig berre tre liv, og mistar eit liv når du går ut av skjermen, nedst. Grunnen til dette er vanligvis at det ikkje er brikker oppover som du kan hoppe på. Spelet har eit sterkt strategielement, og du må passa på at du ikkje set deg fast i ein «blindveg».

Nyttige gjenstandar

Til hjelp mot motstandaren kan du finna visse ting:

Limbøtte
Viss du hoppar på same felt som motstandaren når du har denne, set han seg fast ei lita stund.
Lyn
Når du tar denne kan du hoppe mykje fortare.
Bombe
Alle brikkene du hoppar på eksploderer når du forlét dei.
Magnet
Med denne kan hoppa du med brikkene festa til deg.

Desse tinga varer berre ei (veldig) lita stund etter at du har tatt dei. Men dei kan vera nyttige for å laga hindringar for motstandaren.

Grafikk

Grafikken i spelet er ikkje spesielt bra, men sjølve spelet er so bra at dette ikkje gjer noko. Spryjinx er eit spel det er vanskelig å slutta med, sjølv når du spelar mot datakontrollert motstander. Du kan òg laga eigne brett og grafikk.

Lyd

Lyden består av smålydar når du hoppar, pluss nokre kommentarar når du vinn eller tapar. Desse fungerer ganske bra. Du kan òg bytta ut lydane med dine eigne om du vil.

Konklusjon

Som sagt er det vanskelig å slutta med dette spelet. Ein vil liksom berre spela «ein gong til»! Eg vil derfor anbefala det, spesielt til tilhengarar av plattformspel.

3D-versjon

Dette spelet finst og i ein 3D-versjon, Spryjinx 3D, med mange nye funksjonar. Prøv òg denne.

Bilde

[Bilde frå spelet. Format: 320×200 PNG.]

 

Spel­informasjon

Versjon
0.92
Forfattar
Jason M. Heim
Heimesida
Spryjinx
Kort beskriving
Plattformspel der to spelarar prøver å samla mest mulig poeng ved å hoppe på brikker av ulik verdi, eller få motstandaren til å detta ned.

Nedlasting

Liknande spel

Kategoriar spelet er med i

Spryjinx vart først omtalt 1999-11-09.


Gratis kvalitetsdataspel-nettstaden er skriven og utforma av Karl Ove Hufthammer. Eg set alltid pris på kommentarar, kritikk og tips.

RSS-utgåva av denne nettstaden.