Gratis kvalitetsdataspel

Smack a Thief

Oppdatering 2009-07-08

Denne nettstaden er no offisielt lagt ned, eller i det minste lagt i koma. Eg vil ikkje komma med nokon nye omtalar framover. Dei gode nyheitene er at eg lèt alle dei gamle spelomtalane ligga oppe, og eg har sjekka og retta alle lenkjene, slik at det ikkje skal vera noko problem å lasta ned alle spela. Les gjerne òg historien bak Gratis kvalitetsdataspel, og send meg ein e-post om det er noko du lurer på.

Introduksjon

Spelet Smack a Thief er basert på spelmotoren til Settlers IV, og held derfor svært høg kvalitet. Du skal forsvara landsbyen din mot grusomme vikingar, som prøver å røva alt gullet og sølvet de har der. Dette gjer du ved å «daska» vikingane …

Sjølve spelet

I spelet styrer du ei hand (med musa) som du brukar til å slå vikingane som kjem for å ta gullet og sølvet. Du kan enten gje dei eit lett dask, som dei raskt kjem seg frå, eit kraftigare smekk, som slår dei i svime eit par sekund, og skremmer dei til å rømma, eller eit kraftig slag som slår dei ut av skjermbildet. Problemet er at det tar lengre tid å lada opp handa til eit kraftig slag, og vikingane kjem raskt – og er mange.

Soldatar og sivile

Heldigvis har du nokre soldatar som òg er interessert i å forsvara skattane. Dessverre holdt dei fest ut i dei seine nattestimer dagen før, og har lett for å sovna på vakt. Men eit lite dask får fart på dei igjen … Viss ein viking har fått tak i ein gull- eller sølvbarre, vil han bruka litt tid på å bera han ut av skjermen. Med eit velretta slag vil du få han til miste gullet/sølvet, og ein av innbyggarane i landsbyen kan bera det på plass igjen.

Av og til finn du diamantar eller andre skattar liggande slengt rundt. Desse bør du plukka opp, då dei gjev dyrbare ekstrapoeng. Du kan òg finna bomber og faklar du kan bruka på vikingane (ev. på tre, buskar og hus, og til og med på dine eigne folk (anbefalast ikkje!)).

Grafikk, musikk og lyd

Grafikken på dei mange bretta i spelet er veldig bra – tilsvarande den i Settlers IV, vil eg tru. Spelet har forresten ein del artige detaljar; viss du for eksempel set fyr på ein av dine eigne folk, vil han springa desperat rundt, heilt til han eventuelt finn ein dam han kan setta seg ned i … Musikken og lyden er grei nok, og passar godt til spelet.

Konklusjon

Det er profesjonelle (i ordets rette tyding) som har utvikla dette spelet, og det er ikkje vanskelig å sjå. Grafikken er bra og spelet har ingen tekniske feil, so langt eg kan sjå. Eg trur vikingdasking vil bli ein populær hobby …

Bilde

[Bilde frå spelet. Format: 320×240 JPEG.]

 

Spel­informasjon

Versjon
1.0
Forfattar
Blue Byte
Kort beskriving
Actionstrategispel der du må beskytta landsbyen din mot grusomme vikingar, ved å – daska dei …

Nedlasting

Liknande spel

Kategoriar spelet er med i

Smack a Thief vart først omtalt 2000-12-05.


Gratis kvalitetsdataspel-nettstaden er skriven og utforma av Karl Ove Hufthammer. Eg set alltid pris på kommentarar, kritikk og tips.

RSS-utgåva av denne nettstaden.