Gratis kvalitetsdataspel

SkyRoads

Oppdatering 2009-07-08

Denne nettstaden er no offisielt lagt ned, eller i det minste lagt i koma. Eg vil ikkje komma med nokon nye omtalar framover. Dei gode nyheitene er at eg lèt alle dei gamle spelomtalane ligga oppe, og eg har sjekka og retta alle lenkjene, slik at det ikkje skal vera noko problem å lasta ned alle spela. Les gjerne òg historien bak Gratis kvalitetsdataspel, og send meg ein e-post om det er noko du lurer på.

Introduksjon

I verdsrommet er det visstnok fleire «vegar», ifølgje dette spelet. Di oppgåva er – vel, å fly på desse. Ikkje den heilt spennande bakgrunnshistoria, altso. Men sjølve spelet er kjekt.

Sjølve spelet

Du styrer eit romskip gjennom 30 brett, fordelt på 10 planetar og romobjekt. Kvart brett er ei slags bana, med ymse hinder/bygningar på. Desse må du unngå, enten ved å hoppa over dei, fly gjennom ein tunnel i dei, eller rett og slett fly til sida for dei. Kor høgt du kan hoppa er avhengig av gravitasjonsfeltet til den planeta du er i nærleiken av, samt farten du har.

Bana er sett saman av ulikt byggemateriale, representert med ulike fargar. Ein farge gjev deg større fart, mens ein annan gjer det motsette. Ein farge er glatt, og ein gjev deg nytt drivstoff. Dette siste er berre viktig på dei seinare bretta. Den skumlaste fargen er raud, som eksploderer romskipet!

Grafikk og lyd

Grafikken i spelet er alt anna enn imponerande. Bakgrunnsbilda er fine, men bana og hindringane består av enkeltfarga, veldig enkle tredimensjonale objekt. Grunnen er at spelet først kom ut i 1993, då som «shareware». Det vart ein stor suksess, og er no frigitt av forfattarane.

Spelet inneheld ikkje nokon musikk, men eit par lydeffektar. Du får hoppelyd når du hoppar, og krasjelyd når du – æh – krasjar. Ikkje spesielt spennande, men til å leva med.

Konklusjon

Dette spelet krev sers god taiming, noko som til tider kan vera veldig frustrerande. Men på hi sida, det er dette som gjer SkyRoads so kjekt! Ein berre spela «ein gong til», for å klara det eine, leie, hinderet ein krasja på sist (og gjerne før det igjen). Samtidig er bretta so korte at spelet kan fungera som ei kjapp avkopling når det skal vera. So på tross av grafikken og lyden, SkyRoads er ein vinnar!

Bilde

[Bilde frå spelet. Format: 320×240 PNG.]

[Bilde frå spelet. Format: 320×240 PNG.]

[Bilde frå spelet. Format: 320×240 PNG.]

 

Spel­informasjon

Forfattar
Bluemoon Interactive
Heimesida
SkyRoads
Kort beskriving
Styr eit romskip gjennom ymse «vegar» i verdsrommet, og sjå opp for hindringar. Minner litt om det klassiske Trailblazer-spelet.

Nedlasting

Liknande spel

Kategoriar spelet er med i

SkyRoads vart først omtalt 2002-07-01.


Gratis kvalitetsdataspel-nettstaden er skriven og utforma av Karl Ove Hufthammer. Eg set alltid pris på kommentarar, kritikk og tips.

RSS-utgåva av denne nettstaden.