Gratis kvalitetsdataspel

Peach’s Dream

Oppdatering 2009-07-08

Denne nettstaden er no offisielt lagt ned, eller i det minste lagt i koma. Eg vil ikkje komma med nokon nye omtalar framover. Dei gode nyheitene er at eg lèt alle dei gamle spelomtalane ligga oppe, og eg har sjekka og retta alle lenkjene, slik at det ikkje skal vera noko problem å lasta ned alle spela. Les gjerne òg historien bak Gratis kvalitetsdataspel, og send meg ein e-post om det er noko du lurer på.

Introduksjon

Noko fryktelig har skjedd i Drømmeland. Mareritta har overtatt styringa, og no prøver dei å stela alle drømmane. Dei har òg tatt kjærasten til Peach, hovudpersonen i dette spelet …

Sjølve spelet

Spelet er eit plattformspel (med vassrett rulling). Du må komma deg gjennom Drømmeland, og på vegen plukka opp fire nøklar, slik at du kan komma deg inn i slottet til mareritta. Dette er sjølvsagt ikkje so lett, men heldigvis finst det ein del nyttige gjenstandar i Drømmeland. Eg nemner nokre:

Hjerta
Du kan skyta hjerte på ulike vesen som står i vegen. Spesielt sauar har ein lei tendens til å gjera dette, men kan brukast til hoppeputer.
Skya
Skya er nyttig. Med denne kan du sveva over juv og stup.
Vengene
Med desse kan du fly, både sidelengs, og opp og ned. (Med skya kan du berre sveva sidelengs.)
Fredsteiknet
Du treng dette for å kunna plukka ned ting frå skyene (f.eks. ekstraliv).

Det finst fleire brett i spelet, som er delt inn i ulike «landskap» (f.eks. enga, skogen og skyene). Kvart landskap inneheld to brett, og du må løysa det første brettet for å få tilgang til det andre. Når du har løyst begge bretta i eit landskap, blir eit nytt landskap tilgjengelig. Spelet startar med to tilgjengelige landskap, og du må gå litt fram og tilbake mellom dei ulike bretta for å få tak i alt du treng (du kan gå frå eit delvis løyst brett og halda fram med eit anna). Spelet inneheld altså eit element av tenking òg.

Grafikk og lyd

Spelet har nydelig grafikk. Han er handteikna, og ser veldig barnebokaktig ut (meint på ein positiv måte!). I tillegg har han parallaktisk rulling, slik at ulike deler rører seg med ulik fart. (Dette er akkurat det same skjer når du for eksempel ser ut av vindauget i ein bil i fart. Ting langt vekke, som fjell, ser ut til nesten å stå stille, mens nærare ting rører seg fortare. Nære tre ser ut til å fyka forbi vindauget i ein rasande fart. Når slikt blir brukt i dataspel, gjev det eit inntrykk av tredimensjonalitet.)

Det finst ingen musikk i spelet, men nokre få lydeffektar, som for øvrig er OK.

Eit barnespel?

Er dette eit barnespel? Vel, eg trur det er meint slik, men det er nok litt for vanskelig for dei aller yngste. Det er for eksempel eit par vanskelige hopp du må ta. Men elles trur eg det passar for dei fleste som likar plattformspel.

Konklusjon

Dette spelet har verkelig flott grafikk. Det er som sagt ikkje alltid like lett, men er iallfall alltid gøy!

Bilde

[Bilde frå spelet. Format: 320×200 PNG.]

[Bilde frå spelet. Format: 320×200 PNG.]

[Bilde frå spelet. Format: 320×200 PNG.]

 

Spel­informasjon

Forfattar
Michael Duhm
Heimesida
Peach’s Dream
Kort beskriving
Plattformspel med nydelig, handteikna grafikk.

Nedlasting

Kategoriar spelet er med i

Peach’s Dream vart først omtalt 2001-01-27.


Gratis kvalitetsdataspel-nettstaden er skriven og utforma av Karl Ove Hufthammer. Eg set alltid pris på kommentarar, kritikk og tips.

RSS-utgåva av denne nettstaden.