Gratis kvalitetsdataspel

Klass of 99

Oppdatering 2009-07-08

Denne nettstaden er no offisielt lagt ned, eller i det minste lagt i koma. Eg vil ikkje komma med nokon nye omtalar framover. Dei gode nyheitene er at eg lèt alle dei gamle spelomtalane ligga oppe, og eg har sjekka og retta alle lenkjene, slik at det ikkje skal vera noko problem å lasta ned alle spela. Les gjerne òg historien bak Gratis kvalitetsdataspel, og send meg ein e-post om det er noko du lurer på.

Introduksjon

Dette er ein nyversjon av spela Skool Daze og Back to Skool. Sjølvsagt måtte dette spelet òg ha ein idiotisk stavemåte … ☺

Eit skulespel

Dette er eit skulespel. Du spelar Eric, ein ung elev med mange rampestrekar på papiret. Og det er nettopp dette papiret han vil få tak i – slikt tar seg ikkje godt ut på vitnemålet … Alle opplysingane er lagra på datamaskin i våre dagar, og Eric treng passordet til maskina, noko som ikkje er heilt lett å få tak i.

Slåsskampar

Hovudoppgåva i spelet er å få tilgang til datamaskina der orden- og åtferdskarakterane er lagra, men det er ein ting som er mykje gøyare – slåsskampar. Når du vandrar rundt på skulen, kan du slå ned medelevar eller skyta med sprettert på dei. Dette kan du òg gjera med lærarar, men dette er sjølvsagt ikkje serlig smart!

La heller ikkje lærarar ta deg i eit angrep på andre elevar, eller i å skriva på tavla, eller opphalda deg i gongen når du eigentlig skulle ha time. Dette fører til merknader, noko som igjen har ein lei uvane med til slutt å føra til utvising …

Lang og tornefull veg til datamaskina

Før du kan få tilgang til datamaskina, treng du passordet. Dette er heller ikkje heilt lett. Det første du må gjera, er å riva ned alle skjolda som heng rundt på skulen. Nokre skjold kan du nå opp til sjølv, mens andre kan du riva ned ved å skyta med sprettert på lærarar (steinen treff hovudet til læraren og sprett opp på skjoldet, som so fell ned!). Etter dette er det fleire andre oppgåver du må gjera før du til slutt har både passord og tilgang til datamaskin.

Kjedelig skule

Det er berre i friminutta du kan arbeida deg mot målet. I timane må du sitta stille og høra på læraren. Det er nye fag og klasserom i kvar time. Spelet er for so vidt veldig realistisk; timane er ekstremt kjedelige. Dette er nok det mest frustrerande med heile spelet.

Spesielle elevar

Som på ein vanlig skule, er det òg her ein del «spesielle» elevar. Du har geniet, som alltid veit svaret, og ikkje går i vegen for å sladra, og du har bølla, viss største glede i livet er å slå ned andre. Lærarane er òg sjølvsagt ikkje heilt i lodd (det er jo eit realistisk spel ☺). Her finn me alt frå den strenge rektoren til den kule geografilæraren.

Grafikk, musikk og lyd

Grafikken er verkelig flott. Skulen er skikkelig bra teikna, med fine fargar. Han er ganske stor, og går over fleire skjermbilde, men dessverre ikkje med gradvis rulling når du går. Sjølve bevegelsane til elevane er heller ikkje so jamn som me kunne håpa på, men dette er fordi originalspelet (dette er ein nyversjon) var slik. Grafikken inneheld òg mange flotte detaljar, som for eksempel vêr som endrar seg kvar dag (i England kan ein jo lett ha sol og sommar ein dag, og snø den neste!).

Musikken er kjempebra og lydeffektane det same.

Konklusjon

Eit flott spel! Om du har spelt Skool Daze eller Back to Skool før, vil du elska dette. Både grafikk og lyd er ei stor forbetring frå desse spela. Det einaste negative eg kan komma på, er at det er eit litt vanskelig spel …

Bilde

[Bilde frå spelet. Format: 320×240 PNG.]

[Bilde frå spelet. Format: 320×240 PNG.]

 

Spel­informasjon

Versjon
1.0.06
Forfattar
Richard Jordan
Heimesida
Klass of 99
Kort beskriving
Nyversjon av Skool Daze, der du spelar eleven Eric som alltid kjem opp i trøbbel …

Kategoriar spelet er med i

Klass of 99 vart først omtalt 2000-04-10.


Gratis kvalitetsdataspel-nettstaden er skriven og utforma av Karl Ove Hufthammer. Eg set alltid pris på kommentarar, kritikk og tips.

RSS-utgåva av denne nettstaden.