Gratis kvalitetsdataspel

Klabutong

Oppdatering 2009-07-08

Denne nettstaden er no offisielt lagt ned, eller i det minste lagt i koma. Eg vil ikkje komma med nokon nye omtalar framover. Dei gode nyheitene er at eg lèt alle dei gamle spelomtalane ligga oppe, og eg har sjekka og retta alle lenkjene, slik at det ikkje skal vera noko problem å lasta ned alle spela. Les gjerne òg historien bak Gratis kvalitetsdataspel, og send meg ein e-post om det er noko du lurer på.

Førjulsstress

Det er dagen for julafta, og på nisseverkstaden er dei travelt opptatt med å få ferdig alle julegåvene. Når ei gåva er ferdig, vert ho hiven ut glaset, og ned i sleden til julenissen. Vel, slik skulle det vera, men nissen har visst komme i skade for å parkera sleden sin for langt frå glaset.

Som nissens hjelpar må du derfor sørgja for at alle pakkane som kjem fykandes ut frå verkstaden kjem trygt fram til sleden.

Sjølve spelet

Hjelperane har kvar sin polkagris som pakkane kan spretta på, og som du kan bruka til å få dei frå nisseverkstaden på venstre sida av skjermen til sleden på høgre sida. Enkel idé, men ikkje fullt så enkelt i praksis!

To spelarar

Spelet har to variantar. Du kan enten prøva å få flest pakkar til sleden, eller sjå kor mange pakkar du klarar på eitt minutt. Men spelet er endå artigare om de er to, då de kan samarbeida om å hjelpa nissen med pakkane.

Du styrar hjelperane med tastaturet, og kan velja styretastar sjølv. (Og hugs at du kan bruka «Alt + Enter» for å å la spelet dekka heile skjermen.)

Grafikk og musikk

Grafikken er enkel, men fin og julete, med dalande snø som sørger for skikkelig julestemning. Det same gjer musikken, som består av mange kjente julemelodiar, sers godt arrangert.

Konklusjon

Klabutong er verken stort eller avansert, men like fullt eit skikkelig flott julespel! Perfekt å spela som eit lite avbrekk i julestria, eller til å forkorta ventetida til julekvelden …

Bilde

[Bilde frå spelet. Format: 320×240 PNG.]

 

Spel­informasjon

Versjon
1.3
Forfattar
Johan Peitz
Heimesida
Klabutong
Kort beskriving
Hjelp nissen å få alle gåvene oppi sleden, som han har komme i skade for å parkera for langt frå nisseverkstaden.

Nedlasting

Kategoriar spelet er med i

Klabutong vart først omtalt 2004-12-21.


Gratis kvalitetsdataspel-nettstaden er skriven og utforma av Karl Ove Hufthammer. Eg set alltid pris på kommentarar, kritikk og tips.

RSS-utgåva av denne nettstaden.