Gratis kvalitetsdataspel

Jump ʼn Bump

Oppdatering 2009-07-08

Denne nettstaden er no offisielt lagt ned, eller i det minste lagt i koma. Eg vil ikkje komma med nokon nye omtalar framover. Dei gode nyheitene er at eg lèt alle dei gamle spelomtalane ligga oppe, og eg har sjekka og retta alle lenkjene, slik at det ikkje skal vera noko problem å lasta ned alle spela. Les gjerne òg historien bak Gratis kvalitetsdataspel, og send meg ein e-post om det er noko du lurer på.

Introduksjon

Dette er eit fleirspelarspel for ein til fire spelarar (blir litt kjedelig med berre ein spelar). Kvar speler styrer kvar sin kanin, Dott, Jiffy, Fizz eller Mijji. Ein kan bruka både tastatur og mus. Heile meininga med spelet er å hoppa rundt på plattformer og prøva å treffa dei andre spelarane. Det er faktisk litt gøy, spesielt med mange spelarar.

Grafikk

Når det gjeld grafikken, so er han veldig god, med flotte fargar. Brettet består for det meste av plattformer, men òg vatn og fjører ein kan hoppa på. Det følgjer berre eitt brett med spelet, men du kan lasta ned fleire frå heimesida til spelet. Kvaliteten på desse er noko variabel, av di dei er laga av forskjellige personar. Du kan òg lasta ned ein eigen brettveljar for enkelt å velja kva brett du vil spela.

Blod og splatte-lydar

Spelet inneheld ein del blod. Når ein treff motstandarar spruter det blod, synkronisert med flotte splatte-lydar. Dei som kjenner seg støytt av slikt kan slå av blodet og lydeffektane.

Lyd

Musikken er god. Det kan òg følgja ny musikk med dei ulike heimelaga bretta. Lydeffektane er passande og effektfulle, om ikkje smakfulle.

For fleire plattformer

Det siste nye i dette spelet er støtte for fleire plattformer. Du kan spela spelet under DOS, Windows, Linux og BeOS-utgåva.

Konklusjon

Viss du likar plattformspel, vil du nok lika dette. Men, det er eit spel som ikkje kan nytast skikkelig utan eit par motspelarar.

Spelet er sokalla e-mailware. Det er altså gratis, men du må senda eit e-brev til dei som har laga spelet. Slik oppmuntrar du dei til å laga fleire spel.

Bilde

[Bilde frå spelet. Format: 400×250 PNG.]

[Bilde frå spelet. Format: 400×250 PNG.]

 

Spel­informasjon

Versjon
Andre utgåva
Forfattar
Brainchild Design
Heimesida
Jump ʼn Bump
Kort beskriving
Fleirspelarspel for to til fire spelarar. De spelar nokre små, søte kaninar, viss einaste kall i livet er å prøva å ta livet av kvarandre.

Kategoriar spelet er med i

Jump ʼn Bump vart først omtalt 1999-03-01, og versjonen no omtalt vart lagt til 2001-04-19.


Gratis kvalitetsdataspel-nettstaden er skriven og utforma av Karl Ove Hufthammer. Eg set alltid pris på kommentarar, kritikk og tips.

RSS-utgåva av denne nettstaden.