Gratis kvalitetsdataspel

Icy Tower

Oppdatering 2009-07-08

Denne nettstaden er no offisielt lagt ned, eller i det minste lagt i koma. Eg vil ikkje komma med nokon nye omtalar framover. Dei gode nyheitene er at eg lèt alle dei gamle spelomtalane ligga oppe, og eg har sjekka og retta alle lenkjene, slik at det ikkje skal vera noko problem å lasta ned alle spela. Les gjerne òg historien bak Gratis kvalitetsdataspel, og send meg ein e-post om det er noko du lurer på.

Introduksjon

Ein dag kjem du tilfeldigvis over eit veldig høgt, islagt tårn. Inni er det fullt av plattformer festa til veggane. Du bestemmer deg for å prøva å komma deg oppover, ved å hoppa på desse plattformene.

Høgt tårn

Tårnet er uendelig høgt, so du har ingen sjanse på å nå heilt opp. Poenget i spelet er derfor heller å få mange, mange poeng. Dette får du ved å komma høgt opp, og spesielt ved å ta stilige hopp oppover. Har du stor nok fart, får du til skikkelige flotte hopp, gjerne fleire på rad.

Viss du spelar bra, kan du lagra heile spelomgangen, og dela han med andre over Internett.

Underhaldande

Sjølve konseptet hørest kanskje kjedelig ut, men spelet overraskande kjekt. Det er faktisk kjempegøy å prøva å komma høgt opp i tårnet, og få til høge spesialhopp. Men du må vera forsiktig. Viss du bommar på ei plattform, dett du ned – heilt ned … Samtidig rullar skjermbildet raskare og raskare, og viss du ikkje klarer å halda tritt, dett du òg ned og dør.

Forskjellige personar

Noko som er nytt i denne versjonen av spelet, er at du kan spela forskjellige personar. Det følgjer med to – Harold the Homeboy og Disco Dave. Harold er ein – iallfall i eigne auge – veldig kul fyr. Du kjenner typen, med hua langt nedover auga, og buksa hengande på uhøvisk vis. Jo mindre sagt om Disco Dave, jo betre.

Kvar av personane har sin eigen musikk og lydeffektar, men har elles ingen påverknad på spelet. Du kan for øvrig lasta ned nye personar frå heimesida til spelet

Grafikk og lyd

Grafikken i spelet er god, og i tillegg svært jamn, sjølv når det går raskt for seg. Flott! Musikken er òg veldig bra. Elles er det fleire fine lydeffektar når du hoppar, og godord å få viss du har hoppa spesielt godt/høgt.

Konklusjon

Dette er ikkje eit spel med engasjerande handling, eller eit spel som tar lang tid å spela. Men til gjengjeld er det svært vanedannande. Icy Tower er eit spel du gjerne kjem igjen til, gong etter gong.

Bilde

[Bilde frå spelet. Format: 320×240 PNG.]

 

Spel­informasjon

Versjon
1.2
Forfattar
Johan Peitz
Heimesida
Icy Tower
Kort beskriving
Hopp oppover i eit uendelig høgt tårn. Med god springfart kan du klara ymse spesialtriks for å komma høgare.

Nedlasting

Kategoriar spelet er med i

Icy Tower vart først omtalt 2002-12-19, og versjonen no omtalt vart lagt til 2003-10-11.


Gratis kvalitetsdataspel-nettstaden er skriven og utforma av Karl Ove Hufthammer. Eg set alltid pris på kommentarar, kritikk og tips.

RSS-utgåva av denne nettstaden.