Gratis kvalitetsdataspel

Beneath a Steel Sky

Oppdatering 2009-07-08

Denne nettstaden er no offisielt lagt ned, eller i det minste lagt i koma. Eg vil ikkje komma med nokon nye omtalar framover. Dei gode nyheitene er at eg lèt alle dei gamle spelomtalane ligga oppe, og eg har sjekka og retta alle lenkjene, slik at det ikkje skal vera noko problem å lasta ned alle spela. Les gjerne òg historien bak Gratis kvalitetsdataspel, og send meg ein e-post om det er noko du lurer på.

Bakgrunnen

Året er – iallfall langt inni framtida. Etter eit fatalt helikopterkrasj som ung, der du var einaste overlevande, har du vakse opp blant eit vennlig folk i øydemarka. Men ein dag blir du brått bortført til byen. Du slepp so vidt unna bortførarane, og må no finna ut kven du er, og korfor dei var ute etter deg.

Sjølve spelet

Beneath a Steel Sky er ein mørk, men til tider ganske humoristisk, framtidsfabel, gjort som eit tradisjonelt «peik og klikk»-eventyrspel. Dette går kort sagt ut på at du brukar musa til å utforska verda, snakka med folk, plukka opp og bruka saker og ting, løysa oppgåver og liknande. Du kan når som helst lagra spelet. Liknande brukargrensesnitt er brukt i fleire andre spel før, og fungerer utmerka.

Du kan dø i dette spelet, men berre i openbare og sjeldne situasjonar (av typen: viss du hoppar utfor eit stup, so dør du). Og du kan ikkje setta spelet i ein uløyselig situasjon for eksempel ved å gløyma å plukka med deg ting. (Viss du står på kanten av stupet, og ikkje hoppar, so kan du altso alltid fullføra spelet.) Med andre ord er muligheita av dø ikkje plagsam i det heile tatt.

Grafikk og lyd

Spelet vart først gitt ut i 1993, og grafikken var nok då heilt på høgd med det beste som fanst. Samanlikna med nyare spel ser sjølvsagt Beneath a Steel Sky «gammal» ut, men er likevel utrulig godt teikna, og full av detaljar. Grafikken klarer verkelig å formidla stemninga av ei høgteknologisk men mørk og kald framtid. Imponerande!

Musikk og lyd

Musikken er mindre imponerande, og klarer ikkje langt på nær å formidla same stemning som grafikken. Likevel fungerer han heilt OK.

Når det gjeld lyd, kjem spelet kjem i to utgåver, ei med tale, og ei utan. Taleutgåva er naturlig nok ti gongar so stor, og er berre eigna for nedlasting av dei som har rask tilgang til Internett. Til orienteirng har ò g taleutgåva tekst, om du synest det er vanskelig å få med deg kva folk seier heile tida. Teksten er i tillegg omsett til fleire språk, inkludert svensk, so du kan faktisk spela spelet sjølv om du ikkje er engelskkyndig.

Når det gjeld taleversjonen, er nokre av stemmane gode, og nokre til og med festlige, men kvaliteten varierer eindel. Den tekniske kvaliteten (det vil seia klarheita av stemmane) er òg noko dårlig. Men ein bør vel ikkje vera for streng; dette var eit av dei første eventyrspela som kom med tale.

Humor

Eg nemnte at nokre av stemmane var ganske festlige. Det gjeld spelet generelt. Det er eindel humor, både i dialogane, og handlinga, utan at det heile kjennest påtvunge. Sånt kan eg lika! Men dette er ikkje eit reint humorspel – meir eit alvorlig spel med enkelte humoristiske innslag.

Gratisspel

Beneath a Steel Sky kom som nemnt ut kommersielt i 1993, på både CD og diskett. Det fekk gjennomgåande svært gode kritikkar, og kan nok reknast som ein klassikar innan eventyrspelsjangeren. I august 2003 bestemte forfattarane seg for å frigjera spelet, og det kan no lastast ned heilt gratis og lovlig.

Originalversjonen var laga for DOS, og fungerer dårlig på nyare maskiner og operativsystem. Men ei gruppa utviklarar har med hjelp av forfattarane av spelet laga programmmet ScummVM, som gjer at du kan spela spelet på alle nyare maskiner, og på både Windows, Linux, MacOS X og andre operativsystem. Det fungerer kjempebra!

Konklusjon

Spelet Beneath a Steel Sky er både langt, spennande, humoristisk, vakkert og i det heile profesjonelt gjennomført. Det er vel unødvendig å seia meir‽ Last det ned!

Bilde

[Bilde frå spelet. Format: 320×200 PNG.]

[Bilde frå spelet. Format: 320×200 PNG.]

 

Spel­informasjon

Forfattar
Revolution Software
Heimesida
Beneath a Steel Sky
Kort beskriving
Spennande framtidsfabel med både humor og alvor. Ein klassikar.

Kategoriar spelet er med i

Beneath a Steel Sky vart først omtalt 2003-09-13.


Gratis kvalitetsdataspel-nettstaden er skriven og utforma av Karl Ove Hufthammer. Eg set alltid pris på kommentarar, kritikk og tips.

RSS-utgåva av denne nettstaden.