Gratis kvalitetsdataspel

Baroll

Oppdatering 2009-07-08

Denne nettstaden er no offisielt lagt ned, eller i det minste lagt i koma. Eg vil ikkje komma med nokon nye omtalar framover. Dei gode nyheitene er at eg lèt alle dei gamle spelomtalane ligga oppe, og eg har sjekka og retta alle lenkjene, slik at det ikkje skal vera noko problem å lasta ned alle spela. Les gjerne òg historien bak Gratis kvalitetsdataspel, og send meg ein e-post om det er noko du lurer på.

Introduksjon

Du har kanskje spelt Pipemania? I det spelet måtte legga rør slik at vatnet kunne renna fritt gjennom dei. Dette spelet liknar litt på Pipemania, men her er det tønner i staden for vatn …

Brettet

Spelet består av mange brett, og på kvart brett ligg det spreidd mange små delar. Desse kan du setta saman for å laga ei stor bane, frå startboksen, der tønnene kjem ut, og til sluttboksen, der tønnene går inn. Etter ei stund begynner tønnene å rulla, og om bana di er skikkelig bygd, vil dei rulla i mål.

Det er ofte fleire boksar tønnene kjem frå, men òg fleire boksar dei skal til. Det er ikkje lett! Kvar av boksane har eit tal som viser kor mange tønner dei inneheld, eller kor mange tønner dei treng for at du skal klara brettet. I tillegg har dei ei urskive som vise kor lenge det er til dei spyttar ut neste tønne, eller kor lang tid du har igjen før boksen må få ei ny. Du får poeng etter kor langt tønnene rullar, so dei enklaste løysingane er ikkje alltid dei beste.

Lett eller vanskelig?

Spelet inneheld heile seks brettsett – av varierande vanskegrad. Viss det er første gong du spelar, bør du nok prøva det lettaste settet først. Elles varierer vanskegraden innanfor kvart sett òg ein del. Dei første bretta er sjølvsagt kjempelette, men det blir gradvis vanskeligare. Nokre brett ser greie ut, men er ekstremt vanskelige, og tidsgrensene før tønnene kjem er ikkje akkurat med på å gjera ting lettare … Heldigvis finst det ein pausefunksjon, som iallfall eg brukar flittig!

Grafikk og lyd

Grafikken er høgoppløyselig, og variert og fin. Han er basert på ulike «tema», for eksempel «badestrand» og «jernbane».

Lyden er bra, med gode lydeffektar. Musikken er òg veldig god, og både grafikk og lyd fungerer fint saman.

Konklusjon

Dette er eit flott spel for alle som likar litt tankeaktivitet. Det er til dels både vanskelig og frustrerande, men spelet er so fengslande at du ofte blir sittande i time etter time, i håp om til slutt å klara «dette eine irriterande brettet». Til gjengjeld er det svært gjevande når du endelig kjem gjennom eit slikt brett!

Tre spel

OBS! Viss du lastar ned Windows-utgåva, får du faktisk med to andre spel. Desse er ikkje dårlige, og vel verdt å prøva, men eg synest ikkje dei er heilt gode nok til å bli omtalt på denne nettstaden.

Bilde

[Bilde frå spelet. Format: 320×240 PNG.]

[Bilde frå spelet. Format: 320×240 PNG.]

 

Spel­informasjon

Versjon
1.05
Forfattar
Robin Burrows
Heimesida
Baroll
Kort beskriving
Eit flott spel der du bygger baner som nokre tønner skal rulla på (liknar litt på Pipemania).

Kategoriar spelet er med i

Baroll vart først omtalt 2000-03-03, og versjonen no omtalt vart lagt til 2001-12-28.


Gratis kvalitetsdataspel-nettstaden er skriven og utforma av Karl Ove Hufthammer. Eg set alltid pris på kommentarar, kritikk og tips.

RSS-utgåva av denne nettstaden.