Gratis kvalitetsdataspel

Zwarte Piet

Oppdatering 2009-07-08

Denne nettstaden er no offisielt lagt ned, eller i det minste lagt i koma. Eg vil ikkje komma med nokon nye omtalar framover. Dei gode nyheitene er at eg lèt alle dei gamle spelomtalane ligga oppe, og eg har sjekka og retta alle lenkjene, slik at det ikkje skal vera noko problem å lasta ned alle spela. Les gjerne òg historien bak Gratis kvalitetsdataspel, og send meg ein e-post om det er noko du lurer på.

Introduksjon

Dette er oppfølgjaren til spela Sint Nicolaas og Sint Nicolaas 2. Begge er kjempebra, so spel gjerne dei først.

I Nederland kjem julenissen frå Spania, og leverer no julegåver og peparkaker med fly, men dessverre klarar han ikkje å treffa alle skorsteinane, og nokre av pakkane og kakene vert liggande oppå hustaka. Han sender derfor hjelparen sin, Zwarte Piet, eller Svarte-Peter på norsk, til å ordna opp, og levera rett pakke til rett skorstein.

Juletradisjonar

Spelmessig er dette bygd på same lest som dei to forgjengarane, men med nokre mindre vriar. Som i det første spelet, går du berre rundt oppå hustaka, og ikkje nede på bakken. Men heldigvis har du ikkje lenger noko tidsgrensa på deg. Men det betyr ikkje at ting er enkle! Det er mengder av fuglar og glatte tak, so det er eit helsefarlig oppdrag nissen har sendt deg på. Men viss du er flink, og klarar å samle alle peperkakene på kvart brett, kjem du til fine bonusbrett.

Grafikk og lyd

Grafikken i spelet laga i eit 3D-program, men det har ikkje gjort han betre enn den flotte, handteikna grafikken i dei to første spela. Han er mørkare, og i tillegg kjennest spelet mykje treigare.

Men lyden er omtrent som før, med lydeffektar, og stemningsskapande julesongar (musikken finst berre på velkomstskjermen).

Konklusjon

Nok eit fint julespel frå Nederland. Eg likte det ikkje so bra som Sint Nicolaas og Sint Nicolaas 2, men det er likevel vel verdt å prøva ut!

Bilde

[Bilde frå spelet. Format: 320×240 JPEG.]

[Bilde frå spelet. Format: 512×384 JPEG.]

 

Spel­informasjon

Versjon
1.07
Forfattar
Mike Wiering / Wiering Software
Heimesida
Zwarte Piet
Kort beskriving
Du spelar den nederlandske nissens hjelpar, Svarte-Peter, og fer rundt oppå hustaka med julegåver og peparkaker til ungane.

Liknande spel

Kategoriar spelet er med i

Zwarte Piet vart først omtalt 2004-12-20.


Gratis kvalitetsdataspel-nettstaden er skriven og utforma av Karl Ove Hufthammer. Eg set alltid pris på kommentarar, kritikk og tips.

RSS-utgåva av denne nettstaden.