Gratis kvalitetsdataspel

Wonderworld

Introduksjon

Eit av dei beste eventyrspela nokosinne laga er, etter mi meining, Indiana Jones and the Fate of Atlantis. Dette inspirerte nokon til å laga ein spelmotor kven som helst kunne bruka til å laga liknande spel. Wonderworld er eit slikt spel. Og det er kjempebra!

Spelet brukar same brukargrensesnitt som dei tidlige LucasArts-spela, der du vel vel ei handling (som «Opna» eller «Sjå på») frå ei kommandotavla, og trykkjer på ting for å utføra handlinga på dei. Dette er eit velprøvd system, og fungerer som venta fint. Dei mest brukte kommandoane for kvar gjenstand (som «Opna» for dører) ligg for øvrig klar på høgre musetast.

Sjølve spelet

Eg skal ikkje seia noko serlig sjølve handlinga. Det er vel unødvendig å nemna at det som vanlig er di oppgåva å redda verda …

Grafikk og lyd

Noko av det første ein legg merke til i dette spelet, er grafikken. Han er utrulig bra – teiknefilm/-serieaktig og imponerande godt fargelagt. Dette er heilt på høgd med det beste frå kjøpespel.

Musikken ligg i MIDI-format, og held òg høg kvalitet. Han er variert, med mange forskjellige melodiar. Spelet er i tillegg krydra med ein del greie lydeffektar.

Ulike plattformer

Spelet brukar ein Java-basert spelmotor, og fungerer derfor på alle plattformer (Windows, Linux, MacOS osv.) som har eit Java-kjøremiljø. Viss du ikkje har eit slikt kjøremiljø installert, kan du lasta ned og installera eit frå heimesida til spelet.

Konklusjon

Dette spelet er grådig kjekt. Eventyrspel har alltid vore min favorittspeltype, og dette er noko av det beste eg har sett av gratisspel av denne typen. Dette hindrar det sjølvsagt ikkje i å ha nokre mindre manglar. Forfattarane har tydeligvis ikkje engelsk som morsmål, og språket er gjennomgåande dårlig. Dette verkar litt forstyrrande, men er til å leva med. Spelet er òg litt kort, men det kjem snart ein oppfølgjer (som fullfører historia starta på her). Me venter alle i spenning!

Bilde

[Bilde frå spelet. Format: 319.5×217 PNG.]

[Bilde frå spelet. Format: 319.5×217 PNG.]

 

Spel­informasjon

Versjon
2.2.00
Forfattar
Nexus Entertainment
Heimesider
Engelsk heimesida
Fransk heimesida
Italiensk heimesida
Spansk heimesida
Bulgarsk heimesida
Kort beskriving
Kjekt eventyrspel med nydelig grafikk.

Kategoriar spelet er med i

Wonderworld vart først omtalt 2002-10-17, og versjonen no omtalt vart lagt til 2003-05-29.


Du kan motta gratis nyheitsbrev med nye spelomtalar og varsel om nye versjonar av tidligare omtalte spel:

 
 


Gratis kvalitetsdataspel-nettstaden er skriven og utforma av Karl Ove Hufthammer. Eg set alltid pris på kommentarar, kritikk og tips.

RSS-utgåva av denne nettstaden.