Gratis kvalitetsdataspel

Teen Agent

Oppdatering 2009-07-08

Denne nettstaden er no offisielt lagt ned, eller i det minste lagt i koma. Eg vil ikkje komma med nokon nye omtalar framover. Dei gode nyheitene er at eg lèt alle dei gamle spelomtalane ligga oppe, og eg har sjekka og retta alle lenkjene, slik at det ikkje skal vera noko problem å lasta ned alle spela. Les gjerne òg historien bak Gratis kvalitetsdataspel, og send meg ein e-post om det er noko du lurer på.

Introduksjon

I dette spelet spelar du ein tenåring som får sjansen til å bli hemmelig agent i organisasjonen RGB (som er so hemmelig at ikkje eingong sjefen veit kva bokstavane står for!). Først må du gå gjennom ei beinhard opplæring. og so begynner du på det eigentlege oppdraget ditt.

Eit eventyrspel

Dette er eit standard eventyrspel, liknande dei som LucasArts har laga. Du skal gå rundt, plukka opp ting, bruka tinga, snakka med folk og so vidare. Du brukar musa til å styra og dette fungerer veldig bra.

Grafikk og lyd

Grafikken i dette spelet er enormt bra. Han er teiknefilm/-serieaktig, med flotte fargar. I tillegg er det jamne animasjonar – ofte humoristiske! Musikken og lyden er òg sers bra, sjølv på eit vanlig Sound Blaster-kort.

Gratis!

Dette spelet vart gjeven ut i 1994, og då som «shareware». I 1999 bestemte dei som laga det seg for å gje det vekk heilt gratis! Ein kjempegod idé, spør du meg. Dette medfører imidlertid at spelet ikkje er støtta av selskapet lenger, so viss du har problem med det, ikkje be dei om hjelp.

Konklusjon

Spelet er til dels vanskelig. Eg måtte slå opp i ei spelløysing eit par gongar mot slutten. Og eit stort spel er det – og veldig bra. I tillegg til den gode grafikken og lyden, er det veldig morosamt (eg lo høgt fleire gongar!). Anbefalast på det varmaste!

Bilde

[Bilde frå spelet. Format: 320×200 PNG.]

[Bilde frå spelet. Format: 320×200 PNG.]

 

Spel­informasjon

Versjon
1.0
Forfattar
Metropolis Software House
Kort beskriving
Flott eventyrspel der du spelar ein ung, hemmelig agent.

Nedlasting

Kategoriar spelet er med i

Teen Agent vart først omtalt 1999-11-18.


Gratis kvalitetsdataspel-nettstaden er skriven og utforma av Karl Ove Hufthammer. Eg set alltid pris på kommentarar, kritikk og tips.

RSS-utgåva av denne nettstaden.