Gratis kvalitetsdataspel

Supaplex

Oppdatering 2009-07-08

Denne nettstaden er no offisielt lagt ned, eller i det minste lagt i koma. Eg vil ikkje komma med nokon nye omtalar framover. Dei gode nyheitene er at eg lèt alle dei gamle spelomtalane ligga oppe, og eg har sjekka og retta alle lenkjene, slik at det ikkje skal vera noko problem å lasta ned alle spela. Les gjerne òg historien bak Gratis kvalitetsdataspel, og send meg ein e-post om det er noko du lurer på.

Introduksjon

I dette spelet styrer du Murphy – eit lite, hyggelig smileansikt – rundt for å eta «infotronar» og unngå diverse fiendar, fallende steinar og linande.

BoulderDash

Supaplex er inspirert av det kjente BoulderDash-spelet. Det består av 111 forskjellige brett – brett som varierer frå å vera latterlig enkle til å vera uhyre vanskelige. Nokre brett inneheld gravitasjon og ulike gjenstandar, alt for å gjera det vanskeligare (og meir interessant) for deg. Men viss det er eit brett du har spesielle problem med, kan du mellombels hoppa over det.

Nye brett

Du kan òg laga eigne brett eller lasta ned brett som andre har laga frå heimesida til spelet. Det finst fleire forskjellige program for dette.

Grafikken er bra – vanlig VGA 256-fargars grafikk. Lyden er òg god, med både lydeffektar og musikk. Men dessverre verkar han ikkje på alle lydkort.

Gratis!

Spelet er blitt frigjeven av forfattarane og er no gratis. Sidan det vart laga for lenge sidan, går det altfor for fort på nye maskiner. Dette kan du heldigvis fiksa ved å lasta ein fartsfiks (denne er no inkludert i spelet, men du kan lasta han ned viss du har ein gammal versjon). Du kan òg lasta ned ein lydfiks viss du har problem med lyden og musikken.

Konklusjon

Viss du likar tenkespel med innslag av action, vil du nok absolutt elska dette spelet. Dette er eit spel du blir hekta på ganske fort. Utrulig gøy (og til dels frustrerande) når du først har spelt litt.

Bilde

[Bilde frå spelet. Format: 320×200 PNG.]

[Bilde frå spelet. Format: 320×200 PNG.]

 

Spel­informasjon

Versjon
6.2
Forfattar
Elmer Productions
Heimesida
Supaplex
Kort beskriving
Styr Murphy rundt i eit labyrintliknande miljø for å samla inn «infotronar». Vanskeligare enn det hørest ut.

Liknande spel

Kategoriar spelet er med i

Supaplex vart først omtalt 1999-03-01, og versjonen no omtalt vart lagt til 1999-12-03.


Gratis kvalitetsdataspel-nettstaden er skriven og utforma av Karl Ove Hufthammer. Eg set alltid pris på kommentarar, kritikk og tips.

RSS-utgåva av denne nettstaden.