Gratis kvalitetsdataspel

Spryjinx 3D

Introduksjon

Dette er ein nyversjon, eller ein oppfølgjar om du vil, til spelet Spryjinx. Denne versjonen er ganske lik originalen, men i 3D. Her skal eg berre nemna det nye i denne versjonen.

3D

Den største forskjellen er som nemnt at Spryjinx no er i 3D. Kameraet flyttar seg rundt slik at ein alltid kan sjå dei to spelarane. Det er overraskande nok like lett å spela (styra personane) i 3D som det var i 2D-versjonen.

Ein annan ny ting er at brikkene ikkje dett ned ei rad om gongen, men heller fyk innen frå sidene. Ganske stilig, men unødvendig distraherande etter mi meining.

Elles er det mykje nytt i denne versjonen, blant anna fleire nye ting du kan ta, eit nytt menysystem, «lava» og bakgrunnsmusikk. Her er ei kjapp oversikt:

Bytteknapp
Spelarane byttar plass.
Sjørøvar
Du får den «tingen» motstandaren har.
Forvirringssymbol
Motstandarens knappar blir bytta om (gjer det vanskelig å styra).
Spøkelse
Motstanden blir usynlig (vanskelig for han å veta kor han er).
Stoppsymbol
Brikkene sluttar å gå nedover ei lita stund.

Fleire vesen

Du kan òg velja kva vesen du vil vera i denne versjonen, men dette har ingen direkte innverknad på spelet (du får andre lydeffektar). Det følgjer med mange brett, og fleire kan lastast ned frå heimesida til spelet.

Spelet kan spelast i valfri skjermoppløysing. Har du ei god/rask maskin bør du sjølvsagt bruka den høgaste oppløysinga som finst.

Konklusjon

Det er mykje nytt i denne versjonen, både det nemnt her og eit par andre smådetaljar. Om du vil føretrekka 3D- eller 3D-versjonen har nok med personlig smak å gjera. Prøv iallfall begge; dei er begge veldig bra.

Bilde

[Bilde frå spelet. Format: 320×240 PNG.]

 

Spel­informasjon

Versjon
0.97
Forfattar
Jason M. Heim
Heimesida
Spryjinx 3D
Kort beskriving
Eit 3D-plattformspel der to spelarar prøver å samla mest mulig poeng ved å hoppe på brikker av ulik verdi, eller få motstandaren til å detta ned.

Liknande spel

Kategoriar spelet er med i

Spryjinx 3D vart først omtalt 2000-07-28, og versjonen no omtalt vart lagt til 2000-11-17.


Du kan motta gratis nyheitsbrev med nye spelomtalar og varsel om nye versjonar av tidligare omtalte spel:

 
 


Gratis kvalitetsdataspel-nettstaden er skriven og utforma av Karl Ove Hufthammer. Eg set alltid pris på kommentarar, kritikk og tips.

RSS-utgåva av denne nettstaden.