Gratis kvalitetsdataspel

SkyRoads Xmas Special

Oppdatering 2009-07-08

Denne nettstaden er no offisielt lagt ned, eller i det minste lagt i koma. Eg vil ikkje komma med nokon nye omtalar framover. Dei gode nyheitene er at eg lèt alle dei gamle spelomtalane ligga oppe, og eg har sjekka og retta alle lenkjene, slik at det ikkje skal vera noko problem å lasta ned alle spela. Les gjerne òg historien bak Gratis kvalitetsdataspel, og send meg ein e-post om det er noko du lurer på.

Juleversjon

Dette er ein juleversjon av spelet SkyRoads. Alt som står i omtalen av det spelet, gjeld òg for dette. Les derfor omtalen av det spelet først. Her skriv eg berre litt om kva som er nytt i denne versjonen.

Nye brett

Som i standardutgåva er det òg her 30 brett, fordelt på 10 planetar, men alle bretta er heilt nye. Personlig synest eg desse bretta er ein god del vanskeligare enn originalbretta. Det er fleire av dei eg ikkje har klart enno! Til gjengjeld synest eg bretta til dels er betre enn i originalen.

Ny grafikk

Kvar av dei 10 planetane inneheld forskjellige bakgrunnsbilde. Sidan dette er ein juleversjon, viser nokre av desse julemotiv. Me ser for eksempel at nissen har rombasen sin på ein asteroide!

Konklusjon

Dette spelet er på alle måtar like godt som originalen, so visst du likte han, vil du heilt sikkert lika dette! Det einaste eg vil kritisera, er at spelet er litt lite «julete» til å vera eit julespel. Eg kunne godt tenkt meg litt julemusikk, eller kanskje litt juledekorasjonar i romskipet du styrer.

Bilde

[Bilde frå spelet. Format: 320×240 PNG.]

[Bilde frå spelet. Format: 320×240 PNG.]

 

Spel­informasjon

Forfattar
Bluemoon Interactive
Heimesida
SkyRoads Xmas Special
Kort beskriving
Styr eit romskip gjennom ymse «vegar» i verdsrommet, og sjå opp for hindringar. Minner litt om det klassiske Trailblazer-spelet. Dette er ein juleversjon.

Nedlasting

Liknande spel

Kategoriar spelet er med i

SkyRoads Xmas Special vart først omtalt 2002-12-20.


Gratis kvalitetsdataspel-nettstaden er skriven og utforma av Karl Ove Hufthammer. Eg set alltid pris på kommentarar, kritikk og tips.

RSS-utgåva av denne nettstaden.