I Nederland har dei ein litt spesiell tradisjon. Den 5. desember kjem julenissen Sint Nicolaas, frå Spania, og leverer gåver og peparkaker til alle ungane. Han fer frå tak til tak og slepp alt dette ned gjennom skorsteinane. I dette spelet spelar du Sint Nicolaas …
Nokon har stole sekken med alle gåvene og peparkakene. Men det er eit hol i sekken, og alt innhaldet dett (heldigvis) ned på hustaka. Du må skynda deg å finna og plukka opp alle gåvene og kakene, og levera dei i rett skorstein. Kvar pakke hører til ein skorstein i same farge, og du må òg hugsa å sleppa ned nok peparkaker der (kor mange som trengst står skrive på skorsteinane). Alt dette må du gjera før sola står opp!
Å få alt levert i tide er ikkje heilt lett. Det er fuglar som angrip deg, skarpe antennar, og hustaka kan til tider vera veldig glatte. Du kan rett nok hoppa på fuglane for å ta livet av dei, men dette er sjølvsagt veldig stygt gjort, og gjev deg minuspoeng. Det er derfor betre å hoppa lyktestolpar, som gjev deg ein ekstra skubb oppover.
Det er fem brett i spelet, pluss bonusbrett viss du klarer å fullføra desse med minst to minutt igjen før soloppgang. Bretta kjem i stigande vanskegrad, men då du kan lagra spelet, er dei overkommelige.
Grafikken er godt teikna, og fungerer veldig bra. Spelet er nokre år gammalt, so lydkortstøtta er dårlig. Hos meg måtte eg velja å kjøra spelet med berre den innebygde høgtalaren, og ikkje lydkortet (les dokumentasjonen for meir informasjon om dette). Men pipelydar er betre enn ingen lydar, og dei var eigentlige heilt OK.
Alt i alt er dette eit veldig kjekt plattformspel, som passar perfekt som underhaldning i juletida.
Sint Nicolaas vart først omtalt 2001-12-24.
Du kan motta gratis nyheitsbrev med nye spelomtalar og varsel om nye versjonar av tidligare omtalte spel: