Gratis kvalitetsdataspel

Sint Nicolaas 2

Oppdatering 2009-07-08

Denne nettstaden er no offisielt lagt ned, eller i det minste lagt i koma. Eg vil ikkje komma med nokon nye omtalar framover. Dei gode nyheitene er at eg lèt alle dei gamle spelomtalane ligga oppe, og eg har sjekka og retta alle lenkjene, slik at det ikkje skal vera noko problem å lasta ned alle spela. Les gjerne òg historien bak Gratis kvalitetsdataspel, og send meg ein e-post om det er noko du lurer på.

Introduksjon

Dette er oppfølgjaren til spelet Sint Nicolaas. Viss du ikkje allereie har spelt det, gjer det gjerne. Det er kjempebra. Denne oppfølgjaren bygger på same historie. I Nederland kjem nissen og slepp gåver og peparkaker i alle skorsteinane. Her spelar du Sint Nicolaas …

Eit tjuveri

Nokon har stole sekken med alle gåvene og peparkakene, men heldigvis er det eit hol i sekken, slik at alt dett ut og ned på bakken. Du må skynda deg å finna og plukka opp alle gåvene og kakene, og levera dei i rett skorstein. Kvar pakke hører til ein skorstein i same farge, og du må òg hugsa å sleppa ned nok peparkaker der (kor mange som trengst står skrive på skorsteinane). Alt dette må du gjera før sola står opp!

Problem

Som før er det mange problem. Tak er gjerne høgt oppe. Bakken gjer vondt. Eg treng vel ikkje seia meir. I tillegg er det fuglar som angrip deg. Det er ikkje lett å vera nisse! Du kan hoppa på fuglane for å ta livet av dei, men dette er sjølvsagt veldig stygt gjort, og gjev deg minuspoeng. Elles kan du hoppa på lyktestolpar, for å spretta opp.

Oppe og nede

I Sint Nicolaas kunne du berre hoppa frå tak til tak. I dette spelet går du både på bakken, på gesimsane, på ymse plattformer, og oppe på taket. Det gjer det heile ein del vanskeligare. Spelet er nemlig vanskeligare enn forgjengaren, etter mi meining. Eg brukte veldig lang tid på første brettet.

For øvrig er det berre to brett her, pluss to flotte bonusbrett. Det er kanskje litt lite, men til gjengjeld er dei begge store, varierte og ikkje minst vanskelige. Du kjem til flotte bonusbretta viss du klarer å samla alle peparkakene på hovudbretta. Etter å ha levert dei «nødvendige» peparkakene skal du då ha 15 igjen.

Grafikk og lyd

Grafikken er veldig godt teikna – betre enn i forgjengaren (som slett ikkje var dårlig). Det er litt kjekt at lydkortstøtta er forbetra frå Sint Nicolaas. No får me skikkelig musikk og lydeffektar!

Konklusjon

Dette er eit kjempekjekt plattformspel, som passar utmerka inn i julehygga. Prøv det!

Bilde

[Bilde frå spelet. Format: 320×200 PNG.]

[Bilde frå spelet. Format: 320×200 JPEG.]

[Bilde frå spelet. Format: 320×200 JPEG.]

 

Spel­informasjon

Versjon
2.00
Forfattar
Mike Wiering / Wiering Software
Heimesida
Sint Nicolaas 2
Kort beskriving
Du spelar julenissen som klatrar oppå taka for å sleppa julegåver og peparkaker ned i skorsteinane.

Liknande spel

Kategoriar spelet er med i

Sint Nicolaas 2 vart først omtalt 2002-12-20, og versjonen no omtalt vart lagt til 2003-08-31.


Gratis kvalitetsdataspel-nettstaden er skriven og utforma av Karl Ove Hufthammer. Eg set alltid pris på kommentarar, kritikk og tips.

RSS-utgåva av denne nettstaden.