Gratis kvalitetsdataspel

Schiffbruch

Oppdatering 2009-07-08

Denne nettstaden er no offisielt lagt ned, eller i det minste lagt i koma. Eg vil ikkje komma med nokon nye omtalar framover. Dei gode nyheitene er at eg lèt alle dei gamle spelomtalane ligga oppe, og eg har sjekka og retta alle lenkjene, slik at det ikkje skal vera noko problem å lasta ned alle spela. Les gjerne òg historien bak Gratis kvalitetsdataspel, og send meg ein e-post om det er noko du lurer på.

Introduksjon

Spelet startar med at skipet ditt går på eit skjer, og du bergar so vidt livet ved å symja til næraste strand. Det viser seg at du har komme til ei aude øy, der du må prøva å overleva so godt du kan. Og det kan jo henda eit fly eller eit skip oppdagar deg, so du blir redda. Men eg ville ikkje vedda livet mitt på det, for å seia det slik …

Det finst imidlertid ting du kan gjera for å auka sannsynet for at nokon ser deg. Eksempelvis kan du skriva SOS med steinar på stranda, eller kveika eit bål på ein høg bakketopp. Men akkurat no er det største problemet ditt mangel på mat, drikka og eit tak over hovudet.

Heldigvis går det ein bekk gjennom øya, so drikka har du i rikelige mengder når du først ha funne han. Mat er det litt verre med, men det finst nokre bærbuskar her og der. Eg nemnte at øya var aude. Vel, det stemmer ikkje heilt. Det finst mange skumle dyr der, som gjerne kjem fram når mørket lir på. Det er derfor veldig lurt å skaffa deg eit tak over hovudet. Nokre pinnar og palmeblad (du er ved sørlige strøk) blir eit brukbart telt, som iallfall held nokre av dyra ute. Seinare kan du kanskje skaffa deg ein betre bustad.

Sjølve spelet

Du styrer med musa. Berre peik og trykk på ein plass for å gå der. Det finst òg fleire handlingar du kan utføra, kvar representert med sitt eige ikon. For eksempel kan du eta mat og drikka vatn, leita gjennom eit område etter ting (på stranda og i bekken finn du oftast steinar, og i nærleiken av tre er det gjerne greiner og store blad), og sjølvsagt ta deg ein liten lur. Det siste er godt for helsa. Etter kvart som du skaffar deg ting, blir fleire handlingar tilgjengelige. Med mange nok steinar kan du for eksempel skriva SOS på stranda. Du kan òg kombinera ting du har plukka opp: Ei grein og ein stein blir ei primitiv, men brukbar, øks, som du kan hogga ned tre med. Tre kan du igjen laga mykje kjekt av.

Ein eigen infoboks viser heile tida kor mykje mat og drikka du har, og kor god helsa di er. Mangel på enten mat eller drikka fører raskt til dårlig helsa, og du bør derfor snarast mulig prøva å ta til deg noko næring. Ein liten siesta midt på dagen er som sagt berre godt for helsa, og kan føregå kor som helst, men nattesøvnen bør ikkje skje under open himmel. Natta varer frå klokka 18:00 om kvelden til 6:00 om morgonen, og då du sova. Dette er ikkje eit actionspel, og tida går berre når du går frå plass til plass, eller gjer ei handling. Det er derfor ingen grunn til å stressa. Når du avsluttar spelet, blir det lagra, slik at du kan spela vidare ein annan dag.

Grafikk og lyd

Grafikken i Schiffbruch er høgoppløyselig og fin, og kan minna litt om den i SimCity 2000 og liknande spel. Du ser øya på skrått ovanfrå, og alle plassar du ikkje har utforska blir vist i svart.

Bortsett frå to fine melodiar i begynnelsen og slutten av spelet, er det ingen musikk. Lydeffektar er det derimot mange av. Bølgene slår mot stranda, fuglane kvitrar i trea, og bekken klukkar fornøgd. Alt er svært stemningsskapande.

Konklusjon

Schiffbruch er eit kjempekjekt spel. Det er faktisk so kjekt, at når du først blir redda, har du sikkert lyst til å spela vidare, for å finna alle dei ulike tinga som er på øya. (Du kan heldigvis avslå å bli redda.) Utforminga av øya blir òg tilfeldig generert kvar gong du spelar, slik at du gjerne kan spela om igjen utan å bli lei.

 

Spel­informasjon

Forfattar
dP-Software
Heimesider
Engelsk heimesida
Tysk heimesida
Kort beskriving
Du er skipbroten på ei aude øy, der du må gjera alt du kan for å prøva å overleva. Kanskje kjem det òg eit skip forbi og reddar deg med tid og stunder.

Kategoriar spelet er med i

Schiffbruch vart først omtalt 2002-07-11.


Gratis kvalitetsdataspel-nettstaden er skriven og utforma av Karl Ove Hufthammer. Eg set alltid pris på kommentarar, kritikk og tips.

RSS-utgåva av denne nettstaden.