Dette er eit kabalspel basert på FreeCell (det som følgjer med Windows). Denne versjonen har mykje betre grafikk; spesielt honnørkorta er utrulig bra teikna. Du kan òg velja kva kort- og bakgrunnsmotiv du vil ha.
Grafikken er som sagt bra. Ein litt negativ ting er at du må først trykka på kort 1 og so på kort 2 for å flytta det eine kortet til det andre. Du kan altså ikkje berre dra kortet over. Men spelet har òg ein veldig nyttig funksjon, ein angrefunksjon! Det har òg ein grei tidtakar som viser kor lenge du har spelt.
Viss du likar kabal, og då serlig FreeCell, vil du heilt sikkert lika dette spelet. Bør prøvast på grunn av grafikken åleine!
RusCell 95 vart først omtalt 1999-03-01, og versjonen no omtalt vart lagt til 2001-02-10.
Du kan motta gratis nyheitsbrev med nye spelomtalar og varsel om nye versjonar av tidligare omtalte spel: